Ti-topparen Kviteseid
Ti-topparen Kviteseid er eit samarbeid mellom Kviteseid Idrettsråd og Kviteseid Turlag.
For året 2026 vil registreringsperioden vere 01. januar - 09. september. Turane kan tidleg i sesongen nås på ski, truger eller på beina.
Ti-Topparen vil vere eit tilbod til turinteresserte i alle aldrar, og er meint som eit trimopplegg for trivsel og velvære.
Ti-topparen er gratis for alle som ynskjer å delta, men du kan støtte oss med medlemskap i DNT Kviteseid Turlag, bli grasrotandelgjevar eller vippse.
Vi vil ha fokus på sporlaus ferdsel
Vi understrekar at allemannsrett til fri ferdsel i utmark forplikter; vi har alle ei plikt til å ta vare på den naturen vi ferdast i.
Når du er ute, er det viktig å ta vare på naturen og mangfaldet den representerar. Sporlaus ferdsel handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk i naturen. Ta omsyn til jordsmonn, myr, planter, dyr, fisk og fugl. Hugs at dersom du etterlet deg ting som ikkje høyrer heime i naturen, kan det skade både planter, dyr og menneske. Her er nokon hugsereglar på korleis du kan ferdast sporlaust i naturen:
- Etterlat staden finare enn då du kom, ta med eige og andre sitt søppel
- Dopapir/tørkepair: Er du på dagstur, tar du papiret med deg heim
- Brenn bål berre når det er lov, og bruk helst gamle bålplassar. Ikkje brenn bål på svaberg
- Ha hunden i band når det er bandtvang. Hundeposar skal alltid i restavfall
- Lat steinar ligge i fred. Ikkje bygg vardar eller flytt på steinar. Nye vardar kan villeie, og ein øydelegg urørd natur
- Ta med deg heim alt du tok med deg på tur.
- Ikkje øydelegge stigar ved sykling i utmark (spesielt sårbart ved myr/fuktig mark)
- Ta omsyn til jakt og unngå å forstyrre og ferdast der det er jakt
Informasjon om korleis ein deltar i Titopparen Kviteseid:
I 2026 har vi 20 toppar fordelt på heile kommunen. Alle vaksne som går 10 ulike toppar, og alle barn som går 5 ulike toppar blir med i trekning av gåvekort. Alle barn som fullfører får premie.
Du kan registrere turen din på skjemaet bak i brosjyra. Vaksne kan registrere digitalt i SjekkUt appen (du må då opprette ein profil i Ut-appen, og følge lista "Ti-Topparen Kviteseid"). Born må registrera toppane på skjemaet. Det er lagt ut brosjyrer på Joker, Straand Hotel, Turistinformasjonen i Vrådal, Kiwi og Kviteseid Bok og Papir i Kviteseid, Morgedal Hotel og Norsk Skieventyr i Morgedal. Du kan laste ned brosjyra her.
For å delta i konkurransen, må du fylle ut skjemaet og levere det innan 15. oktober til Kviteseid Bok og Papir, eller på e-post til Kviteseid.turlag@dnt.no. Innsjekkdato i SjekkUt kan ikkje vere seinare enn 09. september.
Ti-toppar logoen er laga av Sonja Bakken Braun.
Kart og skildring av kvar topp finn du på denne nettsida, i UT-appen og informasjonsbrosjyre. Her finn du informasjon om kvar topp, samt ei beskriving av sjølve turen. Bruker du Ut-appen lager du ein brukarprofil, og kan i tillegg sjekke inn via SjekkUt når du kjem til toppen.
Dette er årets toppar:
1. Hægefjell 11. Valskorfjellet
2. Roholtfjell 12. Høgås
3. Venelifjell 13. Haukstoga
4. Fagerliheii 14. Austgardsnuten
5. Ånås 15. Skardstøylnetten
6. Næring 16. Åhomnuten
7. Brokefjell 17. Dyrskardnuten
8. Kongsbergdam 18. Månin
9. Ordalsåta 19. Stigen/Svollåi
10. Kastedalsskotet 20. Striplefjell
Oversiktskart
Klikk deg inn på turmålet i lista nedanfor for å sjå info på Ut.no
Ti-topparen Kviteseid
Ti-Topparen forts.
Ti-Topparen forts.
Ti-topparen forts.
Se også