Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Kviteseid og Gautefall Turlag inviterte til tur til Grønnlifjell

Publisert: 24. august 2026
Turreferat
Foto:

Søndag 23.august møtte 16 tobeinte og to firebeinte ved Gautefallheia alpinsenter for å gå tur til Grønnlifjell. Det kom turentusiastar heilt frå Tønsberg, men òg frå Bamble, Kviteseid og lokalt frå Drangedal. Det var fint vêr og tørt å gå, så alt låg til rette for at det ville bli ein bra tur.

Første ordentlege stopp var ved Himmelriket, der me blir fasinert av kva istida har klart få til av fjellkonstruksjon. Deretter gjekk me opp bratta til Bjørnehiet og varden på Jørundskårheia. Der begynte ein å få god utsikt over heiane rundt. Me gjekk vidare til Tjennhuken og der tok me ein velfortjent matrast før me gjekk om Lille Grønnlifjell og til slutt toppstøtet til Grønnlifjell, som ligg på 741 moh.

Det var god utsikt,så me klarte mellom anna å sjå til Gaustatoppen og
Mælefjell,kanskje Vedhuskjerringa au...

Tok eit obligatorisk gruppebilete før me vendte nasa heimover att. Me åt opp restene av nistepakka ved Tjennhuken att,før me kom oss ned att til bilane.

Var ein positiv og triveleg gjeng å ha med på tur, så TAKK FOR TUREN til alle deltakarane.

Helsing turleiarane

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem