Husmannsplassvandring i Dalane
Husmannsplassvandring er populært
Publisert: 13. juni 2024
Turreferat
Denne sundagen i juni gjekk turen vestover frå Tveit og Vesterdal i Dalane. Jørgen Moen var med som dyktig kjentmann og historieforteljar
Vi starta frå Trettanstøyl, fyrste stopp var Tveit. Vidare opp grusvegen, kor vi hadde ein liten stopp ved Kosi. På veg til Nykos gjekk vi ned om den velhaldne gamle kvenna ved bekken. På Nykos fekk vi oss ein matbit før vi gjekk gjennom skogen til Berge. Siste stopp var Listaul, kor vi fekk servert varme bollar av eigaren. Ein triveleg avslutning på turen for dei 31 som var med
Vi takkar for turen med ein ekstra stor takk til Jørgen
Kviteseid Turlag tek gjerne i mot nye medlemmar. Dersom du ynskjer å melde deg inn kan du gjera det her: https://www.dnt.no/medlem/
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli frivillig
Bli frivillig
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem