Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Unge naturtalent – ​​eit draumeår for friluftsinteressert ungdom. Søk nå!

No kan du søke om å bli med på DNT Gudbrandsdalen sitt fyrste kull med unge naturtalent. Dette er ei unik moglegheit for ungdom som vil lære meir om friluftsliv, turlederrolla, seg sjølv og bli kjent med nye turvenner.

Til hausten er også DNT Gudbrandsdalen klare for å starte opp vårt fyrste år med Unge naturtalent (UN). For dei som er så heldige å få bli med ventar det minst seks samlingar stappfulle med friluftsliv, fellesskap og læring dykk vil ha glede av resten av livet. Deltakarane får i løpet av året mellom anna vera med på fjelltur frå hytte til hytte, mat på bål, kart og kompass og vinterovernatting. Det vil også bli høve til å bli godkjent som turleiar for DNT. Dei som får plass kan sjå fram til eit år med mange friluftsopplevingar og nye turvenner frå heile Gudbrandsdalen. 

Søknadsskjema får du ved å sende sms til 99712677.


Målet med UN er at ungdom skal få delta på eit morosamt, spanande og lærerikt år og få opp augene for kva DNT og naturen rundt oss i Gudbrandsdalen har å by på. Du vil garantert sitja att med naturopplevingar du vil hugse for resten av livet og ha fått mange erfaringar frå mange ulike friluftsopplevingar. 


Det er plass til 15 ungdomar

Frå hausten 2024 har vi plass til 15 ungdomar som har fullført ungdomsskulen og er under 20 år. Einaste krav til opptak er at du bur i Gudbrandsdalen (Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel, Vågå, Lom, Skjåk, Dovre eller Lesja). Opplegget blir tilpassa deltakarane. Prosjektet legg vekt på personleg vekst. Det er ingen krav til forkunnskapar innan friluftsliv. Det viktigste er at du er motivert og vil lære om friluftsliv og sjølv. Det er ein fordel at du kan symje og har erfaring med å gå på ski. 


Tilbodet er gratis

Det koster ikkje noko å delta på UN. Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB, Fjellbanken og DNT som gjer dette mogleg. 

Mange av overnattingene skjer på DNT hytter i Gudbrandsdalen. Samlingane har ulike tema og varigheit og er lagt til helger og skuleferiar. Vi stiller med mykje utstyr og det meste kan låneast gjennom ulike utlånsordningar i kommunane. Det du treng av personleg utstyr er fungerende turklede og -sko (treng ikkje vera nytt!).


Vennskap og kunnskap

Etter å ha delteke på Unge Naturtalent sit att med: 

- Mange flotte naturopplevingar og meir kunnskap om friluftsliv
- Nye venner for livet
- Personleg vekst og leiarkompetanse
- Ulike kurs og sertifiseringar innan DNT og friluftsliv
- Du blir meir sjølvstendig og trygg i norsk natur
- Erfaring med å planlegge og arrangere turar.
- På slutten av året blir du natur på ei nasjonal samling for unge talent frå heile landet

Leiarane for Unge Naturtalent i Gudbrandsdalen, som vil følgje ungdomane gjennom heile året, blir Anita Haugen og Iver Lund Aakre. Anita er utdanna pedagog, turleiar og kurshaldar for DNT og arbeider som dagleg leiar for DNT Gudbrandsdalen. Iver er også utdanna pedagog og Skivegleiar. Begge to har vokse opp i Lom med fjell og friluftsliv og har et stort hjerte for å dele dette med lokal ungdom. 


Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Anita på tlf. nr. 99 71 26 77.


Vil du vera med på eit fantastisk friluftsår? 

Send sms til 99712677 eller mail til anita.haugen@dnt.no for informasjon om påmelding og søknadsskjema.

Fyrste samlinga er planlagt frå 9. - 11. august. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem