Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Øvre Skar

DNT Gudbrandsdalen er stolte over å ha vore med på å settja i stand og ta vare på Øvre Skar. No har vi teke over ansvaret for vedlikehaldet og bruken av husa - og ynskjer deg velkomen🏡 Her kan du nyte den fantastisk utsikta når du er innom på dagstur, eller når du drikk morgonkaffen din etter ei natt i eitt av husa❤️

Øvre Skar er ein gamal husmansplass som ligg knapt 600 m.o.h i den bratte lia på austsida av Gudbrandsdalen, meir presist i sida opp for Harpefoss i Sør-Fron kommune.

Plassen ligg i kryssingspunktet av Peer Gynt stien som går frå Gålå til Sulseter og er del av Pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen. I tilegg er området med å bind saman stinettet på vest - og austsida av dalen. 🥾

 

Overnatting:

Øvre Skar består i dag av to hus, eit tidlegare eldhus og ei stabbur.

🛏️ Eldhuset har to sengeplassar, vedomn og propan for matlaging.

🛏️Stabburet har fire sengeplassar med propan for oppvarming. 

 

Pris💰:

Born under 14 år: Gratis

Kvile/bruk av hus: kr 50 pr. turfølge

Overnatting: kr 150 pr. person

Betal via konto 2085 25 02399 eller Vipps til 118418.

 

🔑 Praktisk info:


 Husa har kodelås. Koden får du ved å ringe:

Pilgrimssenteret Dale-Gudbrand v/ Per G. Hagelien: 45 60 46 08

DNT Gudbrandsdalen v/ Helle Hovden: 94 88 42 80

DNT Gudbrandsdalen v/ Kristen Brendhaugen: 95 81 86 73

 

Slik kjem du deg til Øvre Skar: Fleire vegar til Øvre Skar

 

dør til liten tømmerhytte
På Øvre Skar kan du overnatte i Eldhuset og Stabburet. Eldhuset har 2 sengeplasser.


 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem