Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Vil du jobbe med friluftsliv i sommer?

Har du turerfaring og liker å vegleie folk til gode turopplevingar? Fungerer du godt i ei gruppe med ulike mennesker og kan halde hovudet kaldt når det trengs? Vil du jobbe som turleiar for DNT? Da er du kanskje den vi er på utkikk etter.

Publisert: 08. april 2024
Skrevet av: Anita Haugen
Nyheter
Foto: Anita Haugen

Vi har mange spanande prosjekt på gang og vil gjerne koma i kontakt med ungdom og vaksne som vil vera turleiarar og/eller aktivitetsleiarar i sommar og haust. 

Vi ser etter: 
- Ungdom frå 18 - 26 år vil bli prioritert. Alle over 16 år kan søke.
- Relevant utdanning og erfaring innan friluftsliv, pedagogikk og leiing er ynskjeleg men ikkje eit krav dersom du er positiv til å ta kurs.
- Leiar på friluftsskule 3-5 dagar for born mellom 10 - 13 år.
- Turleder nærtur eller overnattingstur.
- Aktivitetsleder på arrangement.
- Kjennskap til DNT sine ruter og hytter i Gudbrandsdalen.
- Godkjent politiattest for arbeide med born og unge.

Vi tilbyr: 
- Gratis turleiarutdanning (kursa er frå 4 timar til ei veke, alt etter kva nivå dei er på) Les meir her: /https://www.dnt.no/aktiviteter/kurs-og-utdanning/turleder/
- Varierte arbeidsoppgåver. Alt frå dagsturar, aktivitetsdagar, friluftsskule til stolpejakt.
- Tett oppfølging frå dagleg leiar i planlegging, risikovurdering og gjennomføring.
- Lønn etter avtale.

Send søknad innan 21. april til anita.haugen@dnt.no 

Skriv ein kort presentasjon eller ein film av deg sjølv.
Fortel kva du kan å bidra med. 

Ta kontakt med Anita på tlf. 99 71 26 77 om du har spørsmål eller vil ta ein prat.

Ungdomar som vil ta turleiarkurs, har relevant utdanning eller erfaring, er over 18 år og kan arbeide sjølvstendig vil bli prioritert. Ei geografisk spreiing i Gudbrandsdalen vil også bli vektlagt. 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem