Brekryssinga bar preg av mykje snøsmelting, og fleire stader rann det små elver over isen. Etter breen venta eit luftig og spanande parti opp ryggen mot toppen. Litt klyving måtte til, men vel oppe var det god plass til både kvile og utsyn.
På toppen fekk vi rikeleg med tid til både fotografering, matpause og gode samtaler. Det var ein fin gjeng med blide og fjellglade deltakarar som tok seg tid til å nyte både utsikta og fellesskapet.
Ein stor takk til dei flotte ungdomane som er i sommarjobb – de bidrog til ein trygg, triveleg og innhaldsrik tur! Takk òg til alle deltakarane for godt humør og fine samtaler undervegs.
For dei som ikkje fekk vore med i år: fortvil ikkje – det blir ny tur til Vesle Galdhøpiggen neste sommar!
Turen starta frå Juvasshytta. Fyrste del av turen går i steinur opp til breen. Foto: Emilie SkridenTil venstre på bilete ser du Galdhøpiggen. Vesle Galdhøpiggen er toppen du ser til høgre. Denne toppen er mykje mindre besøkt og vi møtte kun tre andre denne dagen. Foto: Emilie SkridenTaulag på tur over breen. Foto: Anita HaugenFrå snøfonna midt på bilete blir det eit luftigare parti opp mot toppen. Foto: Emilie SkridenDenne spreke gjengen tok klyvinga heilt fint. Foto: Emilie SkridenTusen takk til Hedda, Marit og Kenneth som var turleiarar denne dagen. Foto: Emilie SkridenBilete frå toppen med Galdhøpiggen i bakgrunn. Foto: Emilie SkridenVi såg mange på tur til og frå Galdhøpiggen. Vesle Galdhøpiggen fekk vi nesten for oss sjølve og møtte kun 3 andre denne dagen. Foto: Emilie Skriden