Velkommen Solveig
Vi er glade for å ønskje Solveig Brenden frå Lom, velkommen til oss som prosjektleiar i deltidsstilling fram til utgangen av 2026.
Solveig er svært glad i natur og friluftsliv, og brukar mykje av fritida si ute. I prosjektet sitt skal ho rekruttere frivillige ungdomar som er interesserte i friluftsliv, film og foto. Saman skal dei vere med på å inspirere barn og unge til å bruke mindre tid på skjerm – og meir tid ute i naturen.
Høyrest dette ut som noko for deg, eller for nokon du kjenner? Då er det berre å ta kontakt!
Send Solveig ein SMS på 901 42 496.
Forsking viser at ungdom mellom 16 og 19 år i gjennomsnitt brukar 7,5 timar på skjerm kvar dag. Samtidig seier 7 av 10 at dei ønskjer seg fleire fysiske opplevingar. Her vil DNT Gudbrandsdalen bidra – med ekte naturopplevingar ute.
Vi rettar også ein stor takk til Aktivitetsstøtte – Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, som har innvilga 300 000 kroner og gjort dette prosjektet mogleg.

Se også