Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Vedlikehald av Haakon VII Hytte (Lomdalshytta) i Nord-Fron

Den 29. mai, på Kristi Himmelfartsdag, gjennomførte ein dugnadsgjeng på 12 frivillige vedlikehald av Haakon VII Hytte (Lomdalshytta) i Nord-Fron. Dugnadsgjengen, beståande av frivillige frå Fagerli Turlag og Sti- og Dugnadsgruppa i DNT Gudbrandsdalen, gjorde nødvendige reparasjonar og arbeid for å halde hytta i god stand for framtidige turgåarar.

Publisert: 30. mai 2025
Nyhet
Foto: Kristen Brendhaugen

Haakon VII Hytte ligg langs T-stigen mellom Graslia og Ruten, i eit roleg og avsides område på Peer Gynt-stigen. Hytta er eit populært mål for dagsturar og fungerer som ein trygg nødbu for dei som treng tilflukt. Ho er eigd av Fefor Høgfjellshotell og er open heile året, gratis og tilgjengeleg for alle.

Den vedlikehaldsdugnaden er eit viktig tiltak for å sikre at hytta forblir ein god ressurs for alle som ferdes i området.

Nye vindauge og plankar vart frakta 2 km med hest og kjerre. Foto: Kristen Brendhaugen

Heile 12 friviljuge bidrog på dugnaden. Foto: Kristen Brendhaugen

Etter mange år i vær og vind tengte hytta litt vedlikehald. Slik såg ho ut før duganden. Foto: Kristen Brendhaugen

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem