Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Vårdugnad i Øvre Skar

Laurdag 27. april var det vårdugnad i Øvre Skar. Vi hadde alle ein fin tur frå parkering og inn til Øvre Skar. Vi bar med reine sengeklede, torvstrø, vaskesaker og diverse i ryggsekken.

Pause på dugnad
Foto: Helle Hovden

Eldhus og Stabbur er vaska og sengeklede er skifta, det er totalt 6 sengeplasser. Det vart klyvd meire ved og raka rundt husa. Tilogmed på utedassen lukter det grønnsåpe nå. Motorsaga var i arbeid og vi fekk bort vinterens trefall over T-stigen.
Vi var 9 personer som hadde ein trivlig dugnadsdag. Tradisjonen tro hadde vi ei skikkelig matpause med kålsuppe, kaffe og sirupskake.


Ønskjer alle velkome og god tur til Øvre Skar. 


Helsing Sti/dugnadsgruppa i DNT Gudbrandsdalen

Bilde er fra Kleiva på tur frå Øvre Sødorp til Øvre Skar. 


Vi har det veldig trivlig i matpausa med god mat og gode samtaler.


Dugnaden fortsett etter vi er heime att. 6 sengesett er nå vaska og gullende reine.
Utsnitt av dei fine dynetrekk våre. 

Foto: Helle Hovden

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem