Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Unge naturtalent - Leirvassbu

Helga 4.-6. april hadde Unge naturtalent i Gudbrandsdalen ei fantastisk helg i Leirvassbu.

Publisert: 15. april 2025
Turreferat
Semelholstinden Foto: Iver Lund Åkre - Fyrst og fremst

Fredag ettermiddag tok gruppa beltevogn ut til Leirvassbu, og nytta kvelden på felles middag og turplanlegging. Laurdag morgon byrja utmarsjen opp mot Semelholstinden og Sørvestre Urdadalstind. Vi hadde ein vellykka dag, og avslutta med god skikøyring. Etter litt kvile, mat og turplanlegging var gruppa klar for ein ny dag. Storebjørn sto for vent, og etter dette var gruppa innom Bjørnungen og Sauen. Med strålande sol og gode førehald, resulterte det i bra skikøyring også denne dagen.

Kombinasjonen av eit godt samarbeid med Fyrst og Fremst og dei turglade Unge naturtalenta fekk vi ei fantastisk helg full av friluftsglede.

Unge naturtalent er eit ettårig utviklingsprogram i friluftsliv for ungdommar, som har ulike temabaserte samlingar. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem