Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Tur Sødorpfjellet

26 turglade personer og 4 hunder møtte til ein tur som vart svært vellykka og interessant. Me hadde med oss kjentmann Paul Henrik Hage, som fortalde både om setre , om landskap og gode historier. Været var på vår side etter ein regndag, lendet var vått fleire plassar, men sola kom da fram. Etter pause kom ei hagleskur, og eit tordenskrall, men bra temperatur.

Publisert: 10. juni 2024
Turreferat
Folk på tur i skogen
Foto: Berit-Karin Wangen

Me starta ved Resset, gikk til Skarsetra, så eit stykkje oppover DNT- stien, som kalles Peer-Gynt-stien og går mellom Skei og Sulsetra. Her stoppa me ved stall-delen etter «Åshytta». Paul kom med utfordring til DNT om å spørja eigaren om å få restaurere huset som står att, til bruk som kvilebu og ly for turgåarar.
Me gikk vidare over Stormyra, der kraftlinja går og fekk høyre om Kraft- Lina, ei grepa dame frå Numedal. Ho gjorde ein storvegs jobb med å montere kraftledning, ho klatra i høgden, kjøyrde beltetraktor (Bamse) og det er mogleg å sjå reportasje og film om ho på Paul si Facebook-side frå 7. juni.
Ved Kollbergholet tok me av DNT - stien, vestover mot Nysetra (som det står på skiltet i krysset). Kom omsider til Torvmyra, der me fekk historia om aksjeselskapet
«Sødorp brændtorvfabrik» og uttak av torv til fyring frå 1912-13. Det vart kjøpt inn mobil dampmaskin, lokomobil, frå England til bruk i produksjon, som vara til slutten av 20- åra.
Her vart det også opplesing ved Åge Hagestuen om ein person som mista klokka si i gjørmehølet under arbeid på Torvmyra. Han måtte dukke i gjørma for å finne ho att. 
Siste etappe gikk langs skiløypetrase’en attende mot Resset og bilane. 

Takk for turen til alle som møtte opp! Ekstra takk til Berit-Karin Wangen som var turleiar.

Paul er god til å fortelja. Her er rester etter stallen på Åshytta. Foto: Berit-Karin Wangen

Me møtte eit hestefølje ved Stormyra. Foto: Berit-Karin Wangen

Hagl i ei kar-hand. Foto: Berit-Karin Wangen

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem