Tur etter gamle råk i skog og snaufjell i Kvikne
Kvikne Råknemnd gav i år 2000 ut "Kart over gamle råk og vegar med nokre kulkturminne og litt historie".
Frå Kvikne går det fleire råk/vegar til fjells og vidare ned til setrene på Steinsetra, Skjedalen og Øldalen. Langs desse er det fleire kulturminner og historier som er verdt å ta vare på.
Med dette i baklomma møttes 18 deltakrar og 7 hunder ved gamleskulin der det vart gjeve ei stutt orientering om valgt tur.
Starta bratt opp Halvhudkleiva til hoppbakken på Kleivom, der det vart fortalt om tidlegare tids aktivitetar med Kviknemeisterskap og kretsmesterskap. Bakken er nå snart heilt gjengrodd.
Frå her gjekk vi Gammelvegen mot Kviknehøgda, over Sillivegen til vi kom fram til gapahuken. Her var det tid for ei lengre matpause med gode samtaler rundt bålvarmen.
Turen fortsatte videre langs Steinseterråket til vi var oppe på Langfjellet. Her kan vi bruke Caspari sine ord: "Der svever et land i det skinnende blå: ei stoltere vet jeg å nevne".
Vi avsluttet turen ved Vardfjell og setervegen.
Med værgudene på vår side, vil vi takke to og firbeinte for eit triveleg samvær.
Helle og Magnar
Halvhudkleiva er bratt og heilt i starten av turen. Foto Helle Hovden
Ved hoppbakken Foto Helle Hovden
Gammelvegen mot Kviknehøgda. Foto Aina Rolstad
Liten stopp, Gammelvegen foto Magnar Bratlien
Kryssing av Kvernåa foto Aina Rolstad
Trivlig pause ved Gapahuken. Foto Aina Rolstad
Blid gjeng i gapahuken. Foto Solveig Sylte
Steinseterråket. Foto Helle Hovden
Steinseterråket. Foto Solveig Sylte
Langfjellet. Foto Aina Rolstad