Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Magisk vinterkveld på Holtjønnpiggen

Ein klar og kald vinterkveld samla ti turglade deltakarar seg til fellestur på truger til Holthønnpiggen i Sel. Med temperaturar ned mot minus 14 grader og knirkande snø under føtene, låg alt til rette for ei ekte vinteroppleving.

Publisert: 03. februar 2026
Turreferat
Foto: Gro Enger

Etter kvart som sola seig ned bak horisonten, blei himmelen farga i gyldne og rosa nyansar. Stillheita, lyset og vinterkulda skapte ei heilt spesiell stemning, og fleire av turdeltakarane skildra opplevinga som nesten magisk.

Turen blei trygt og godt leia av frivillig turleiar Gro Enger. DNT Gudbrandsdalen takkar for flott innsats og for ein minnerik vintertur i godt lag.

Foto: Gro Enger

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem