Logo
Til DNT.no forside
Til Aktuelt

Besøk eit trolltre!

Kva gjer vel betre enn ein tur ut? Ta med deg store og små på tur for å besøke eit magisk trolltre. Ved treet kan du sette deg ned, kjenne roa senke seg, nyte eit magisk augeblikk og drøyme trolldraumar. Lukk auga, len deg bakover og berre nyt.

Publisert: 03. desember 2023
Nyhet
Trolltre Sel kommune. Foto: Oda Espelund Vollan Foto:

Vi gjenntek suksessen frå 2021 med Trolltre i Gudbrandsdalen. Inspirert av minaogmeg pyntar vi små trolltre som er trivelege turmål i advent og juletida. 

Trolltrea i lista under her er i regia av DNT Gudbrandsdalen og pynta av våre frivillige. På www.minaogmeg.no finn du oversikt over trolltre i heile Noreg. 

Tagg gjeren bileta dine med @dntgudbrandsdalen @minaogmeg #trolltre #trolldrøm


Oversikt over trolltre i Gudbrandsdalen (lista blir oppdatert fortløpande):

Nord-Fron

  • Dagsturhytta på Vinstra - treet ligg i nærleiken av den nye dagsturhytta.
  • Sorperoa, Vinstra

Sel

  • Thokampen - Parker på “busslomme”, der det er merka stig til Pillarguritoppen og Thokampen. Følg merka stig mot Pillarguritoppen, så vil du sjå trolltreet etter om lag 7 minutt. 

Lom 

  • Presthaugen - Bygdamuseum sentralt i Lom. Treet finn du inne mellom dei gamle husa. 

Skjåk

  • Geitryggen - Følg bilvegen innover Nørdre-Dalom og fortsett langs traktorvegen som går på austsida av elva Skjøle innover mot Lundadalen. Trolltreet finn du oppe på Geitryggen ved bålplassen.

Dovre

  • Kirkestuehaugen - Gå frå Dovre sentrum eller parkeringa ved Dovre kyrkje. Følg oppbrøyta ved forbi det grøne huset ved parkeringsplassen, over E6/tunneltaket ca 500 m. Hald til høgre etter oppned-akebakken. Etter 100 m. ser du ein lavvo, hoppbakke og eit Trolltre. Ein veg tek om lag 15 min. lett tilkomst og tilgjengeleg for alle. 

Lesja

  • Gapahuken ved Sør-Sletten på Lesjaskog- Fin tur frå Bryggeosen eller Tandsetervegen.
  • Bjorli. Parker på parkeringsplassen før ljosløypa i Bølia. Det er om lag 50 meter å gå til treet.

Vågå

  • Ta dykk ein pust i førjulstria og gå frå Sandbakken og opp til parkeringa ved gamle skitrekkhuset/ Jetta, så vil dykk finne eit trolltreet. 

Er det ikkje noko trolltre der du bur i Gudbrandsdalen? Ta kontakt med Anita på tlf. 99712677 eller anita.haugen@dnt.no om du vil bidra med å pynte eit tre. 

Alle trea vil bli rydda inn mellom 13. - 20. januar. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem