Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Toppturhelg i Glitterheim

Publisert: 26. august 2026
Turreferat
Foto:

Laurdag gjekk turen til Ryggjehøe på 2.142 moh. Det er ein tur på totalt «berre» ca 10 km. og ca 800 høgdemeter, men er meir krevjande enn ein kan tru.  Frå ein kryssar elva frå Steinbuvatnet er det ikkje stig vidare, og det er tildels bratt og grov ur. Men på toppen kom oss, og fleire av deltakarane meinte at dette var ein 10 av 10 tur. Da var det berre og rusle ned att i roleg tempo, slik at ingen snubla i røysa. 

Søndag fekk vi ekte Glittertindvær som dei seier i Glitterheim.  Dvs sol, sol og sol, så vi var svært heldige!! Turen er grei i den forstand at det er jevn stigning heile vegen, og det er stort sett også grei sti. Frå 2.150 moh fekk vi nysjog (snø), men det gjekk også heilt greit. Utsikta frå toppen er heilt formidabel, kanskje ein av dei aller beste i Jotunheimen, og med klart haustvær så er det òg 10 av 10.  Attende på Glitterheim så fekk vi «spikjimat og rummgraut», og vi konkluderte med at betre middag enn dette får ein ikkje!  

Med berre positive og glade turdeltakarar, så er dette ei helg som gjer at vi som turleiararar blir meir deltakar enn turleiar. Så for oss vart det òg 10 av 10!!

Tusen takk til våre frivillige turleiarar Nils og Nils Arne.

Takk til Glitterheim for eit triveleg opphald og god mat. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem