Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Styresamling i Gjendebu – klare for lokalt vegval

Helga 14.–16. august var styret i DNT Gudbrandsdalen samla i Gjendebu. Helga vart brukt til å arbeide med vårt lokale vegval, samtidig som planlegginga av neste års 20-årsjubileum kom godt i gang.

Publisert: 18. august 2026
Nyheter
Foto:

Ei gruppe starta også arbeidet med å finne vår nye medarbeidar. Vi set stor pris på den store interessa for stillinga, og er svært glade for å ha motteke heile 20 søknader med mange gode kandidatar.

Styremedlemmene kom til Gjendebu på ulike måtar. Nokre valde å ta turen til fots frå Leirvassbu, medan andre kom med båten innover Gjende. Laurdag vart det også tid til ein tur til Gjendetunga.

Samlinga gav eit flott høve til å bli betre kjent, diskutere stort og smått og ikkje minst dele mange gode idear. Takk til Gjendebu for god mat, hyggeleg betjening og ei flott ramme rundt helga!

Enda sterkare satsing på eit godt og variert turtilbod i nærmiljøet

Ein ting heilt klart etter vegvalsarbeidet: DNT Gudbrandsdalen skal dei komande åra satse enda meir på barn og unge.

Vi er opptekne av å ha eit godt og variert turtilbod i nærmiljøet, slik at endå fleire kan oppleve at friluftsliv er eit naturleg val i ferie og fritid. Vi ønskjer å leggje til rette for gode naturopplevingar – både for dei som allereie er glade i å vere ute, og for dei som enno ikkje har funne vegen inn i friluftslivet.

For å lukkast med dette vil vi også arbeide for å rekruttere og utdanne fleire turleiarar i åra som kjem. Med fleire engasjerte frivillige kan vi skape endå fleire trygge og gode turar og aktivitetar for barn, unge og familiar.

Målet vårt er klart: Vi vil bidra til naturopplevingar for livet – for alle!

Foto: DNT Gudbrandsdalen

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem