Styremøte i Øvre Skar
Siste styremøte før sommaren vart halde i Øvre Skar i Sør-Fron, der styret i DNT Gudbrandsdalen var samla til både møte og naturopplevingar. Etter ein fin tur på om lag 25 minutt, gjennom variert terreng og med flott utsikt, vart vi tekne godt imot av Helle frå stigruppa. Ho viste oss rundt på denne fantastiske plassen.

Hytta har ei nydeleg utsikt og sengeplassar til seks personar, fordelt på to hus – ein perfekt base for rolege dagar i fjellet.
Vi hadde også gode samtalar rundt kveldsmaten, og mange spanande planar for turar og aktivitetar framover vart drøfta. Følg med – og bli med oss på tur!
Vi ønskjer alle medlemmane våre ein riktig god sommar, og håpar han byr på mange fine friluftsopplevingar!
Helle tok godt i mot oss i Øvre Skar.
Kan ikkje love at det er slik her kvar dag, men kan anbefalast.
Styremøte med utsikt.
Se også

