Stolpejakt Lom sentrum
Stolpejakten i Lom sentrum opnar onsdag 1. mai klokka 06.00. Knyt på deg joggeskoa og ta turen! Her er det noko for ein kvar smak.
Det er lagt opp til rundturar med fleire stolpar på kvar runde.
Vi kan anbefale ein tur over utleggsbrua og videre langs Bøvra til Tronoddbrua. Frå der kan du ta turen bortover langs Skim til Skimhytta eller heilt til Staurustberget.
Vil du gå ei kortare runde kan presthaugen vera fin.
Liker du motbakkar kan du velje mellom ei runde om Kusletta og Nonshaug eller i Skogsbilvegan ovanfor Prestgardsskogen.
Det er gratis å delta på stolpejakten og digitalt kart finn du ved å laste ned appen Stolpejakt på din telefon.
Fleire kart i Lom
Det er også under planlegging eit større kart for Lom denne sommaren. Her vil vi prøve å få til turar både i Lom, Garmo, Lia og Bøverdalen. Målet er å ha karetet klart til skuleferien.