Stolpejakt Lom og Skjåk
Sundag 1. juni opnar tre nye stolpejaktkart i Lom og Skjåk – perfekt for deg som vil kombinere naturopplevingar med trim og oppdaging. Den populære turaktiviteten gir deg høvet til å utforske nærområdet på ein ny og spennande måte.

Desse karta blir tilgjengelege frå 1. juni:
Dagsturhytta i Lom – 12 stolpar
Lom sentrum – 60 stolpar
Skjåk aust – 42 stolpar
Kartet for Dagsturhytta Skjåk, med 10 stolpar, er allereie opna.
For å kome i gang lastar du ned den gratis appen Stolpejakten. Der får du oversikt over kart, stolpar og poeng – og du kan registrere turane dine digitalt. Stolpane passar for både store og små, og er tilpassa ulike ferdigheitsnivå.
Endå meir å glede seg til
To nye kart er like rundt hjørnet:
Skjåk vest – 47 stolpar (planlagt opning 5. juni)
Lesja – 60 stolpar (planlagt opning 10. juni)
Takk til frivillige
Ein stor takk går til alle frivillige som legg ned mange timar i planlegging og utplassering av stolpane. Utan deira innsats hadde ikkje dette vore mogleg. Dei gjer Stolpejakten til ein inkluderande og sosial aktivitet for alle i bygda.
Følg facebooksida Stolpejakten Lom & Skjåk for oppdateringar, bilete og meir info gjennom sesongen.
God tur og lukke til med stolpejakta!
Se også

