Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Stolpejakten i Lom og Skjåk 2025: Over 60 000 stolpebesøk

Årets stolpejaktsesong i Lom og Skjåk har vore ein stor suksess. Til saman har stolpane blitt besøkt heile 60 696 gongar. Dersom vi reknar kvar tur som om lag éin kilometer, betyr det at deltakarane har gått tilsvarande 1,5 gong rundt jorda – eller fram og tilbake frå Lom til Oslo over 100 gongar.

Publisert: 03. oktober 2025
Nyhet
Foto: Eva Aamot Odden

Frivillig innsats
Stolpejakten hadde ikkje vore mogleg utan dei 12 frivillige som har bidrege med planlegging, utsetjing og innhenting av stolpar. Innsatsen deira har gjort at over 3300 personar har deltatt i årets sesong – omtrent like mange som innbyggjartalet i Lom og Skjåk sentrum til saman.

Dei ivrigaste stolpejegarane
Totalt vart det sett ut 171 stolpar i dei to kommunane. Heile åtte deltakarar klarte å besøke samtlige stolpar, og nokre av dei har fullført dette bragd fleire år på rad.

Aktivitet og energi
Ser vi på energiforbruket, har årets deltakarar til saman brent om lag 3 millionar kilokaloriar. Det tilsvarer rundt 12 000 kanelbollar – ein artig målestokk som kanskje forklarer kvifor det ofte er kø utanfor bakeriet i Lom.

Sosial avslutning
Sesongen vart avslutta med pizzakveld på Dønfoss. Her møtte over 40 stolpejegarar opp for å dele erfaringar, idéar og ynskje for neste års sesong.

Takk for innsatsen
Vi vil rette ein stor takk til både deltakarar og frivillige for ein minnerik og vellukka stolpejaktsesong. No gler vi oss til Stolpejakten 2026, og håpar at like mange – eller fleire – vil vere med då.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem