Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Sommerjobb i DNT Gudbrandsdalen 2026

DNT Gudbrandsdalen har mange spanande prosjekt på gang og ser etter deg som vil bidra til å arrangere turar og aktivitetar i sommar. 

Publisert: 24. mars 2026
Nyheter
Foto: Augeblikk foto

Vi ser etter: 

Ungdom frå 18 - 26 år vil bli prioritert. Alle over 13 år er velkomne til å søke.
Relevant utdanning, kurs og erfaring innan friluftsliv, pedagogikk og leiing er ynskjeleg. Men ikkje eit krav dersom du er positiv til å ta kurs. 
Må kunne levere godkjent politiattest for arbeid med born og unge.
DNT Gudbrandsdalen har kontor i Skjåk, men vi oppfordrar ungdom på heile Gudbrandsdalen til å søke. Vi arrangerer turar i Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel, Dovre, Lesja, Vågå, Lom og Skjåk.

Oppgåver: 

Lede og hjelpe til på Friluftsskule og barnecampar
Planlegge, førebu og gjennomføre dagsturar og overnattingsturar.
Aktivitetsleder på arrangement.

Vi tilbyr: 

Gratis turleiarutdanning og relevante kurs.
Varierte arbeidsoppgåver. Alt frå planlegging, dagsturar, aktivitetsdagar, friluftsskule og stolpejakt. 
Tett oppfølging og arbeidsoppgåver tilpassa alder og erfaring. 
Fleksibilitet, du kan jobbe frå 2 - 10 veker. 

Send søknad innan 6. april til anita.haugen@dnt.no

Skriv ein kort presentasjon eller lag ein film av deg sjølv.

Fortel kven du er, kvar du bur, kva erfaring du har og kvifor du vil jobbe for DNT Gudbrandsdalen. 


Ta kontakt med Anita på tlf 99712677 om du har spørsmål eller vil ta ein prat. 


Ungdom som har turleiarkurs, relevant utdanning eller erfaring, er over 18 år og kan arbeide sjølvstendig vil bli prioritert. Ei geografisk spreiing i Gudbrandsdalen vil også bli vektlagt. 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem