Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Sommarferie for friluftstrimmen

Tusen takk til alle som har delteke på friluftstrimmen gjennom vinteren og våren 2026! Til saman har de møtt opp 358 gonger og lagt ned like mange timar med trening. Det er eit fantastisk bidrag til både trivsel, folkehelse og eit aktivt lokalmiljø.

Publisert: 30. juni 2026
Nyhet
Foto:

Ein ekstra stor takk går til Gry, som kvar måndag stiller opp som trenar for denne flotte gjengen. Med lang erfaring og stort engasjement deler ho treningsglede og motiverer deltakarane til å ta vare på eigen helse gjennom variert trening med vekt på styrke, balanse og god bevegelse.

Vi vil òg rette ein stor takk til Tone og Synnevø, våre frivillige som kvar måndag tek imot deltakarane, ordnar i stand og legg til rette for kaffi og sosialt samvær etter treninga. De er ein viktig del av det gode fellesskapet rundt friluftstrimmen.

No tek friluftstrimmen sommarferie i juli, men vi er tilbake måndag 3. august. Vi ønskjer både nye og tidlegare deltakarar hjarteleg velkomne til ein god start på veka.

Det er inga påmelding – berre møt opp i Vinstra park måndagar klokka 13.00, kledd etter vêret. Treninga passar for alle nivå og har fokus på styrke og balanse, slik at det blir endå lettare å kome seg ut på tur og nyte friluftslivet.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem