Poteløpet Jotunheimen
Poteløpet Jotunheimen vert arrangert for fyrste gong – i samarbeid mellom Norske redningshundar Jotunheimen lag og DNT Gudbrandsdalen. Heile 65 ekvipasjar stilte til start, og både deltakarar og publikum fekk oppleve ein dag full av meistring, glede og morro – saman med både to- og firbeinte.

Ei løype full av utfordringar
Deltakarane fekk bryne seg på ei 2,5 km lang løype i variert skogsterreng. Her var det 14 hinder – alt frå vasshinder der hundane måtte symje, til klatring over, under og gjennom ulike konstruksjonar. Ein kunne stille i lag, barneklasse, enkeltekvipasje med eller utan tidtaking. Det var mange forskjellige typar hunderasar – og alle kom seg gjennom løypa med stil!
Frivilligheita i sentrum
På førehand av arrangementet har frivillige planlagt i fleir månader. Når løpshelga kom var det over 30 frivillige som var i sving – både medlemmar i redningshundlaget, men også fleir frå lokalsamfunnet.
Det er morosamt å sjå kva to friviljuge organisasjonar kan få til saman. Vi set stor pris på alle som hjalp til denne dagen.
Opplevingar for livet
Blant deltakarane var Chanett Sagelv frå Rogaland, som saman med mannen Kjell Frode og hunden Nala deltek på fleire poteløp og hinderløp over heile landet.
– Dette var heilt fantastisk! Løypa var knallbra, stemninga topp, og til og med bålkkaffen åleine var verd turen, smiler ho.
– Eg håpar verkeleg de arrangerer igjen neste år.
Ho legg til at poteløpet gir både meistring, glede og eit sterkare band mellom hund og eigar.
– Det er noko heilt spesielt å kome i mål, sliten men lukkeleg, seier ho.











Se også

