Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Påskjønning til våre frivillige!

I DNT er våre dyktige frivillige heile fundamentet. Deira lønn kjem i form av delt turglede, tilfredse turdeltakarar og fine opplevingar. I tillegg ynskjer DNT Gudbrandsdalen å gjeva alle våre frivillige ei påskjønning. Våre frivillige turleiarar kan samle poeng som kan nyttast i DNTbutikken, på DNT-hytter eller på våre kurs/turar som har deltakaravgift.

Foto: Anita Haugen

Ordninga gjeld frivillige i DNT Gudbrandsdalen som ikkje har lønn eller anna godtgjersle frå før og hadde oppstart 01.01.23.

For at dette skal bli mest mogleg rettferdig, har vi satt opp ein tabell med oversikt over poeng. Ekstra poeng for DNT ung 18 - 25 år.

Opptjening av bonuspoeng:

Type aktivitet: Poeng DNT ung
Kveldstur/dugnad 1 – 3 timar +1
Dagstur/dugnad 4 – 8 timar 12 +2
Overnattingstur 1 natt 24 +4
Overnattingstur 2 netter 34 +5
Ekstra pr. natt over 2 +10 +2

Poenga kan bytast i utvalgte varer frå DNT butikken to gonger i året, innan 1. juni og 1. november. Det blir da sendt inn samla bestilling. Du kan også veksla inn poenga i gratis overnatting på DNT-hytter. Du legg da ut for overnattinga sjølv og får refundert tilsvarande beløp ved å levere kvittering. Dersom du ynskjer å delta på kurs eller turar i regi av DNT Gudbrandsdalen som har deltakaravgift, kan heile eller delar av deltakaravgifte betalsat med opptjente poeng etter avtale. Du vel sjølv kor lenge du vil samle poeng. 

Her er ei oversikt over kva varer du kan bytte mot, men vi gjer dykk merksame på at det kan bli endringar om klede blir teke ut av sortimentet eller det kjem ny DNT kolleksjon. Trykk her for: Oversikt realisering poeng.pdf

Ta kontakt - vi hjelp deg gjerne!

Anita som arbeider for DNT Gudbrandsdalen bidreg gjerne med tips og vegleiing. Ta kontakt på tlf. 99 71 26 77 eller anita.haugen@dnt.no

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem