Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Løp for Liv: Ungdomar samla inn 14 900 kr til Norsk Luftambulanse

Løp for Liv: Ungdommar i DNT Gudbrandsdalen samla inn 14 900 kr til Norsk Luftambulanse

Publisert: 28. juli 2025
Nyheter
Foto: Grethe Slåen

Lalm, juli 2025
Eit vellukka arrangement, stor innsats og eit viktig formål. Ungdommane i sommarjobb hjå DNT Gudbrandsdalen stod bak veldedigheitsløpet Løp for Liv på Lalm idrettsanlegg – og samla inn heile 14 900 kroner til støtte for Norsk Luftambulanse si avdeling på Dombås.

Løpet vart arrangert som ein del av ferieaktivitetane støtta av Gjensidigestiftelsen, der ungdomar får sommarjobb og samtidig bidreg til lokale fellesskap og friluftsliv. Under leiing av Marit Brekkum, og med god støtte frå Kenneth Kluften og Emma Høsteng-Haugen, vart det ein energifylt og inkluderande dag for både barn, ungdom og vaksne.

– Det var fantastisk å sjå så mange møte opp og bidra, seier Marit. – Både som deltakarar, heiagjeng og frivillige.

Sprek innsats og ekte engasjement

Totalt stilte 41 deltakarar til start. Borna sprang rundar på 400 meter, medan ungdom og vaksne tok for seg ein 4 km lang løype. For kvar runde vart det samla inn pengar – 50 kr for born, og 100 kr for ungdom og vaksne.

🔹 Vaksne og ungdom sprang 109 rundar → 436 km og 10 900 kr
🔹 Born sprang 23 rundar → 1 150 kr
🔹 Loddsal, gåver og suppe gav ytterlegare inntekter på 2 850 kr

Ein av dagens store innsatsheltar var Amund Andersen-Gott, som sprang heile 7 rundar innanfor tidsramma på under to timar!

Lokal støtte og fellesskap

Arrangementet fekk stor støtte frå lokalsamfunnet. Sparebank1 Lom og Skjåk bidrog med 10 000 kroner i sponsormidlar, medan Lalm idrettslag stilte med både idrettsanlegg og kiosk. I tillegg vart det selt lodd på ein fruktkorg frå Coop Lalm og DNT Gudbrandsdalen.

Alle deltakarane fekk med seg ein unik, lokalprodusert medalje laga av Birk Nyhus-Bakke – ei flott påminning om dagen og innsatsen.

Vi gjer det igjen!

– Dette gav verkeleg meirsmak, seier Anita Haugen. – Neste år blir det nytt løp, og vi er allereie spente på kven ungdommane vil samle inn pengar til då!

Vil du vere med å bidra neste sommar? Følg med på våre kanalar og arrangementskalender!

Takk for samarbeidet
Løp for både store små
Varm dag og god innstats
Deltakarane løp over all forventning
Medaljer til alle som deltok
God stemning i løypa
Super innsats
Styremedlem Imbert stilte opp
Anders var ein av mange ivrige deltakarar
Klare for start
Dagens beste målpassering

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem