Landsmøte og takk til Magnar

Eit høgdepunkt under møtet var takkinga av Magnar Bratlien, som etter fem år i Landsstyret no gir stafettpinnen vidare. Det vart mange varme ord om Magnar sitt engasjement og bidrag. Med sitt rolege, kloke og omsorgsfulle vesen har han vore ein viktig samlande kraft i DNT-familien. Tusen takk for innsatsen, Magnar!
Landsmøtet hadde også ei rekkje viktige saker på agendaen, mellom anna val av nye medlemmer til Landsstyret. Nils Øveraas vart valt som ny styreleiar.
Det var òg god tid til sosialt samvær. Fredag kveld gjekk turen med båt ut til Fjøløy for grilling og ein liten rundtur i eit vakkert og historisk landskap, rikt på minner frå krigen.
Sundagen nytta damene sjansen til å gå til Preikestolen – via ein mindre kjend, men spektakulær bakveg leia av lokalkjende turleiarar. Turen gjekk frå fjorden og opp fjellsida, før dei kunne nyte utsikta frå den ikoniske fjellformasjonen.
Vi takkar for eit inspirerande landsmøte fylt med fagleg påfyll, nye bekjentskap og gode samtalar. No ser vi fram til neste landsmøte på Lillehammer i 2027!
Grilling og sosialt samvær på Fjøløy. F.v. Tom Harald frå DNT Lillehammer, Heidrun, Margrete frå Hamar og Hedemark Turistforening, Oda Lousie og Magnar.
DNT Gudbrandsdalen sine representantar på Landsmøtet i Stavanger. F.v. Anita Haugen, Magnar Bratlien, Heidrun Israelsen og Oda Louise Larsen.
Magnar Bratlien saman med avtroppende styreleiar i Landsstyret Per Hanasand
Sondagstur starta frå fjorden via ein mindre kjend, men spektakulær bakveg leia av lokalkjende turleiarar.
Fleire fine vatn på turen opp til Preikestolen.
Med fare for lang kø på Preikestolen, var det fint å gå innom ulike utsiktspunkt på turen opp.
Takk til Stavanger Turistforening og alle DNT-arar som bidrog til ei flott helg.
Se også

