Landsmøte DNT ung 2026 – takk for besøket, velkomen att!
Siste helga i april var DNT Gudbrandsdalen vertskap for årets landsmøte i DNT ung. Nærmare 70 engasjerte, trivelege og friluftsinteresserte ungdomar tok turen til Lom for ei innhaldsrik og minnerik helg.
Vel framme og innlosjert på Fossheim hotell fekk deltakarane ei varm velkomsthelsing av Arne Brimi, som tok turen for å ynskje velkomen til Lom og Gudbrandsdalen. Med stort engasjement delte han gode historiar, tips til mat på bål, tankar om lokalmat – og ikkje minst nokre uventa sjekketriks. Utan å avsløre for mykje: sjalottlauken spelte ei viktig rolle også her.

Foto: Håvard Engen // Anita Haugen
Fredag stod tur og aktivitet i sentrum, og Jotunheimen viste seg frå si beste side. Nokre tok turen til Leirvassbu, der dei vart varmt tekne imot med omvisning, kakao og vaflar. Andre la ut på topptur og fekk kjenne på både lange motbakkar, skiftande sikt og herlege svingar i vårsnøen. Ei stor gruppe deltok på intro til randonee, der lånte ski og ungdommeleg pågangsmot gav meistring og mersmak. I Lom sentrum vart det arrangert fottur til Nonshaug, med flott utsikt over bygda.

Foto: Håvard Engen // Iver Lund Aakre, Fyrst og Fremst

Foto: Magnar Bratlien
Turdagen vart avslutta med grillbuffet på Nordal, der god mat og utedans heldt stemninga oppe til langt på natt.
Foto: Anita Haugen
Laurdag var det klart for sjølve landsmøtet i Utgard. Heidrun og Solveig, ikledd gudbrandsdals festdrakt, ynskte velkomen til ein dag fylt med gode diskusjonar om framtida til DNT. Engasjementet vitna om ei organisasjon i trygge hender i mange år framover. I lunsjen fekk deltakarane nyte smakfull mat frå Bakeriet i Lom – så godt at fleire tok turen tilbake for ein ekstra handel.
Foto: Håvard Engen // Anita Haugen
Laurdag nytta Magnar og Arnt frå styret i DNT Gudbrandsdalen høvet til å vise fram hytteprosjektet til Nils Øveraas, styreleiar i DNTs landsstyre. Etter synfaringa oppsummerte han opplevinga slik: «Tradisjonshandverk på sitt beste og ei praktfull plassering.»

Foto: Arnt Sveen // Nils Øveraas
Tradisjonen tru vart laurdagskvelden feira med festmiddag. Fossheim vart fylt av bunadskledde og festpynta ungdomar, og temaet for kvelden var Flåklypa. Inspirert av den nyaste filmen fekk raudosten ei heilt sentral rolle. Éin ting er sikkert: ingen reiste frå Lom utan å ha høyrt om raudost Anno 1863. Etter hjortesteik og utdeling av prisar, vart kvelden avrunda med nydeleg song frå Lina Haug – ei stemningsfull og minneverdig stund.

Foto: Håvard Engen
Sundag vart det tid til både møter og ei opplevingsrunde i Lom sentrum. Når ein har gjester, byd ein på det beste ein har – og det vart servert både Skjåkpølse, hardbrød, gardsmjølk, raudost og Gudbrandsdalskake, til stor begeistring. Kortreist mat og sjølvbetente boder fall òg i smak. Mange viste interesse for Lom stavkyrkje og rondastakken, og zipline i Prestfossen gav vind i håret og breie smil.
Foto: Anita Haugen // Lene Marie Gåsbakk
Etter lunsj på Brimibue sat deltakarane att med mange gode minne frå Lom og Gudbrandsdalen. Klemmar og gode ord sat laust då det var tid for avreise.
Den mobile badstugu på hjul tok òg turen til Lom denne helga, og i kombinasjon med kalde kulpar vart ho flittig brukt mellom slaga.
Foto: Magnar Bratlien // Anita Haugen
Ei stor takk går til dei frivillige i DNT Gudbrandsdalen som til saman la ned om lag 150 timar dugnad for å gjennomføre arrangementet. Utan dykk hadde ikkje dette vore mogleg!
Takk til Mari og Petra, Magnar, Imbert, Arnt, Lene Marie, Emilie, Solveig og Heidrun (og fleire gode hjelparar!)

Foto: Monica Øyen // Håvard Engen
Vi vil òg rette ei stor takk til våre lokale samarbeidspartnarar som bidrog til å vise fram Lom og Gudbrandsdalen frå si aller beste side:
Takk til våre samarbeidspartnarar:
DNT sentralt og landsstyret i DNT ung – god dialog og godt samarbeid
Fossheim – overnatting, god mat og blide, trivelege folk
Fyrst og Fremst – skiutleige, guiding og ekte turglede
Nordal – grillbuffet og dans på uteserveringa
Brimibue – smakfull lunsj
Jotunheimen Turbusser – fleksibel, serviceinnstilt og trygg transport
Leirvassbu – vaflar og kakao med fantastisk utsikt
Ysteriet – sponsing av verdas beste raudost
Skjåk Turistheim – glutenfri lunsj
Utgard – gode fasilitetar for møtet
Arne Brimi – inspirerande velkomst
Lina Haug – nydeleg song og gitar
Lom Lyd – solid lyd og god gjennomføring
Aktiv i Lom – zipline med fart og spenning
Hugsotte – kortreist mjølk
Ramstad – nydeleg Gudbrandsdalskaku
Smak i Lom – flatbrød og gode råd
Skjåk Mat – tradisjonsrik Skjåkpølse
Geir Ådne Lindsø – vakkert utskorne ostehøvlar
Se også