Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Kvitingskjølane i Jotunheimen – Ein strålande rundtur

Publisert: 15. juli 2025
Turreferat
Foto: W. Waksvik

Allereie frå starten fekk vi kjenne på både høgdemeter og solsteik. Stien bar bratt opp fjellsida, og det tok ikkje lange tida før svetten rann og gensarane måtte av. Men humøret var på topp – dette var ein varm og blid gjeng som såg fram til ein lang dag i høgfjellet.


Etter ein god del høgdemeter og små pustepauser med utsikt, stod vi endeleg på toppen av Vesle Kvittingskjølen. Her opna landskapet seg verkeleg – med praktfull utsikt til Jotunheimens majestetar: Galdhøpiggen, Glittertind og mange spisse tindar og kvasse ryggar. Ein liten time seinare var vi vidare til hovudtoppen, Kvittingskjølen, og med det var begge dagens mål nådd.


Rundturen var på om lag 18 kilometer og 900 høgdemeter, og underlaget var minst like variert som naturen rundt oss. Vi gjekk i steinrøys, over mjuk mose, sklei på snøfonner og tråkla oss gjennom litt kjørr og kratt. Dette var ei klassisk Jotunheimen-oppleving – røff, vakker og stadig skiftande.

Sola følgde oss heile vegen og etterlet seg både solskille og raude nasar. Men det var smil, latter og gode samtaler heile vegen – akkurat slik ein drømmetur skal vere. Ein tur som minnar oss på kvifor vi stadig vender tilbake til desse fjella.


Takk for turen – for naturopplevingane, fellesskapet og dei gode minna!

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem