Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Hytta på hjul – takk for besøket i Lom!

Siste veka i juli rulla Hytta på hjul inn i Lom – og for ei veke det blei!

Publisert: 05. august 2025
Nyheter
Foto:

Ein stor takk går først til Magnar Bratlien, som tok turen heilt til Måløy for å hente hytta og få henne trygt fram til fjellbygda vår. Vel framme vart hytta brukt som base for vidaresal og reparasjon av brukte turklede, og responsen var heilt overveldande. Mange rydda i klesskapa sine og bidrog til eit viktig formål – gjenbruk og berekraft i friluftslivet.

Heile 100 plagg fekk nye turkameratar og er no klare for nye eventyr på stiar og vidder!

I tillegg var det rundt 200 personar som tok turen innom hytta for ein kopp kaffi, eit stykke kake – og ikkje minst kveldsmat og gode samtalar. Det varmar med så mange trivelege menneskemøte, godord og eit bygdefolk som viser ekte engasjement for både natur og nærmiljø.

Ein ekstra takk går til dei flotte ungdomane i sommarjobb som kom med ideen og hjelpte oss å gjennomføre tiltaket – de er heilt fantastiske!

Også pressa viste interesse – med besøk frå både NRK radio, NRK TV og Fjuken. Vi er glade for at vi saman kan løfte fram gjenbruk og vise korleis friluftslivet kan bli enda betre og meir berekraftig.

No har Dag Henning frå DNT Drammen henta hytta, og ho er allereie på nye eventyr – denne gongen på Sørlandet.

God tur vidare, og tusen takk for besøket i Lom!

Magnar Bratlien kjørte hytta frå Måløy til Lom.

 

Nesten 100 klesplagg vart redda frå kleskapet og fekk ny eigar. 

Tilfrede damer som fekk seg ny brukt ullgenser.

Takk til alle som bidrog med klede til bruktsalget. 

Mange trivlege bygdafolk som tok turen innom.

Ekstra takk til Kari som stilte med symaskin og reparerte turklede.

Det var mykje fint å få kjøpt.

God tur vidare til Dag Henning og hytta på hjul.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem