Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Hele Norge båler

Laurdag 18. januar deltok DNT Gudbrandsdalen på Hele Norge båler. Dagen vart feira på Ringebu, Vinstra, Gålå, Lesjaverk og i Skjåk. Til saman deltok over 400 små og store på markeringa som var startskotet for Friluftslivets år 2025.

Publisert: 21. januar 2025
Nyhet
Foto: Cathrine Elserud Nygård

Tusen takk til alle friviljuge, deltakarar og samarbeidspartnarar som bidrog til mange fine samtaler rundt bålet. 

Trabelia, Ringebu

Dagen vart feira med pølser, skileik og aking i Trabelia. Om lag 70 små og store store kosa seg ute. Takk til Kiwi Venabygdsfjellet som delte ut juice, smoothie og knekkebrødsandwich. 

Foto: Therese Klausen

Svintjønna, Gålå i Nord-Fron

Omlag 40 personar var innom gapahuken ved Svintjønndemninga og fekk servert kaffe og varm saft, julekake med brunost varma over bålet og grilla pølser. 12 av dei frammøtte var med på den organiserte skituren frå Gålå som Solveig og Gitte leia, medan resten tok seg fram til gapahuken på eiga hand.  
Takk til Skodalsåas venner for samarbeidet. 

Foto: Gitte Bertelesen

Høgmolykkja, Sorperoa i Nord-Fron

I Høgmolykkja vart det fine samtaler rundt bålet og mykje leik og morro i akebakken. Triveleg at heile 34 stk tok med seg lunsjen ut for å samlast kring bålet denne dagen. 

 

Foto: Cathrine E. Nygård

Dagsturhytta i Bismo, Skjåk

Det vart liv og røre ved dagsturhytta i Bismo da om lag 100 små og store var samla kring bålet. Der kunne du smake på den Ukrainske nasjonaleretten Borsjitsj, poppe ditt eiga popkorn, lage pinnebrød eller steike vaffel på bål. Det gjekk mange liter bålkaffe og var mange gode samtaler kring bålet. 

Takk til Skjåk Almenning, Skjåk jegar og fisk, Bismo barnehage, Flyktningetjenesta og Skjåk kommune for godt samarbeid. 

Foto: DNT Gudbrandsdalen

Lesjaverk, Lesja

Takk til Lesjaverk grendelag som grilla pølser og bidrog med bålkos. Om lag 60 personar tok turen innom rasteplassen denne dagen. 

Foto: Lesjaverk grendelag

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem