Friluftstrimmen på Vinstra avsluttar året med nisseluer og imponerande innsats
Friluftstrimmen på Vinstra har tatt ein velfortent julepause etter nok eit år fylt med treningsglede, fellesskap og frisk luft. Den siste økta vart tradisjonen tru avslutta med nisseluer, smil og god stemning – slik berre denne flotte gjengen kan skape.
Eit varmt takk går til Gry, som har leia øktene med energi, humor og inspirasjon. Ho er ein viktig pådrivar for at så mange vel å bruke ein time i veka ute i naturen, uansett vêr og årstid. Vi vil også rette ein stor takk til våre frivillige verter, som sikrar eit trygt og inkluderande miljø, og som legg til rette for det sosiale fellesskapet som mange set minst like stor pris på som sjølve treningsøkta.
I løpet av 2025 har Friluftstrimmen hatt 560 frammøte. Det betyr at det er lagt ned 560 timar med styrketrening i nærmiljøet – tilsvarande om lag 3,5 månader med full arbeidsveke. Dette er ein formidabel innsats for folkehelsa og eit tydeleg bevis på kva frivillig aktivitet og lågterskeltilbod kan bety for lokalsamfunnet.
Oppstart 2026
Allerie 5. januar er Friluftstrimmen i gong igjen. Tilbodet er gratis, ope for alle og krev ingen påmelding. Det er berre å møte opp – perfekt både for nye deltakarar og dei som vil halde fram med gode rutinar inn i det nye året.
Takk for innsatsen i 2025.
God jul – og vel møtt til eit nytt år med treningsglede i Gudbrandsdalen!
Se også