Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Badstugu på Landsskytterstevne

Badstugu på hjul har no rulla til Lesja! Under Landsskyttarstemnet finn du ho ved Bøbrue, berre ein kort spasertur frå skyttarcampen. Book tid på nett og unn deg ei avslappande stund med varm badstugu og eit forfriskande bad i elva – den perfekte kombinasjonen etter ein dag på stemnet.

Publisert: 28. juli 2026
Nyheter
Foto: Odd Andre Morken

Badstugu på hjul har no kome til Lesja og står ved Bøbrue under Landsskyttarstemnet. Berre ein kort spasertur frå skyttarcampen kan du senke skuldrene og nyte ei roleg stund i den vedfyrte badstugu. Enten du ønskjer å varme deg etter ein lang dag ute, samle familie og vener eller kombinere badstua med eit forfriskande bad i elva, ligg alt til rette for ei unik oppleving.

Badstugu kan bookast av alle – både DNT-medlemmer og andre – i to timars økter. Ho har plass til 4–6 personar (opp til 8 gode vener), eige skifterom og alt du treng for å fyre opp. Ta med handkle, badetøy og godt humør – resten ventar på deg.

  • Booking og oversikt over ledige tider finn du her:   

Booking og kalender Badstugu på hjul

Her kan du booke og sjå når badstugu er ledig.

Booking Badstugu på hjul
Booking Badstugu på hjul

Velkomen til ei oppleving som gir varme, ro og fellesskap – midt under Landsskyttarstemnet. Book di tid i dag og unn deg ei velfortent pause.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem