Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Velkomen til "Badstugu på hjul"!

DNT Gudbrandsdalen ynskjer deg velkomen til "Badstugu på hjul" – ei varm og venleg oppleving der du er! Med håp om å glede mange, legg den mobile badstua ut på reise gjennom Gudbrandsdalen - med formål om å fremje trivsel, helse og fellesskap i regionen.

Publisert: 28. november 2025
Nyheter
Foto: DNT Gudbrandsdalen

Historie:

På landsmøte i Stavanger sommaren 2025, hadde Norsk tipping konkurranse om å lansere den beste ideen. Gjengen frå DNT Gudbrandsdalen vert enige om at ei badstue på hjul var ein gode idé - vann konkurransa og 50 000 kr.

Med formål om å fremje trivsel, helse og fellesskap i regionen - byrja ein spanande planleggjingsprosess av prosjektet, og etterkvart bygging og realisering.  

Utan Norsk tipping, Gjensidigestiftelsen og Sparebank1 Lom og Skjåk, samt Sparebank1 Gudbrandsdalen hadde vi ikkje klart dette. Vi vil også løfte fram og takke alle som har vore med på dugnad, og bidratt for å realisere badstua. Takk til Skjåk kommune for god tilretteleggjing i prosjektet.

Kven kan bruke badstua?

Kven som helst! Sjølv om du er DNT-medlem eller ikkje, er du velkommen til å nytta badstua. Det einaste du treng å gjera er å booke badstua på nettsida vår.

Book "Badstugu på hjul" her ->

Book her
Book her

Plassering:

Badstua står i desember 2025, og januar 2026 plassert i Skjåk. Meir nøyaktig, så står ho plassert ved Dagsturhytta ved flaumvollen i Bismo. 

Etter tida i Skjåk, skal badstua vidare til Vinstra. Oppdateringar finn du på våre sosiale medium.

Slik fungerar det:

Halve badstua er laga til som skifterom, i tilegg til sjølve badstuerommet. Du finn ein vedfyrt ovn, ved, tennbrikettar og lighter. Sidan det er vedfyring tek det litt tid å få ho opp i 70-90 grader, men ho blir relativt fort varm. Du finn knaggar til å hengje opp kleda dine, samt ved i skifterommet.

Utstyr:

I badstua: Utstyr til oppfyring, bøtte til å helle på vatn, termometer, hygrometer, lys, reglar.

Ta med: Håndkle til å sitje på, drikkevatn, hovudlykt, badetøy, evt. sandalar.

Kapasitet:

Badstua er laga til for 4-6 personar, men er ein "gode vennar" er det mogleg med opp til 8 personar.

Opnigstider: 06.00-22.00 kvar dag.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem