Trugetur etter jobb på ein heilt vanleg onsdag. Desse spreke damene fekk ein nydeleg solnedgang frå Holtjønnpiggen med utsikt til Rondane.
Publisert: 13. februar 2024
Turreferat
Trugetur og solnedgang på HoltjønnpiggenFoto: Gro Enger
Fellesturen starta frå Raphamn og gjekk i jamn stigning opp til toppen på 1123 moh. Turleiarane Gro enger og Anne Guri Mæhlum hadde vore oppe på toppen med ved i forkant og det var godt med bål å varme seg på i -15 grader.