Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

5-fjellstur i fantastisk vær!

Laurdag morgen den 19. juli kokka 9 starta 12 spreke turdeltakere + turleiar frå Kvamsnysetra. Vi kjente på varmen alt i fyrste bakken.

Publisert: 22. juli 2025
Nyhet
5-fjells tur Foto: Helle Hovden

Vi gjekk etter Vulufjellsråket fyrste timen og tok så til høgre opp på Søre Geitberget som var dagens fyrste topp. Etter ei drikkepause gjekk det litt nedover til vi kryssa T-råket som går til Eldåbu. Tok opp mot Veslhøa der det vart ei ny drikkepause. Vi passerte Glugga og fekk fylt på vannflaske før vi gjekk opp på Søre Eldåkampen og tok ei lang matpause. Turleiararen hadde med kikkert og den gjekk på rundgang.

Vi fortsatte å gå i retning Nyseterhøgda og der vi kryssa Vulufjellsråket sto Magnar og lille Max på 12 veker og venta på dei som skulle gå 3-fjellstur. Vi andre fortsatte mot Nyseterhøgda og etter forslag frå turleiar droppa vi denne toppen.

Det var veldig varmt og ingen anledning til å fylle på vatn før vi hadde passert Skjerellfjellet som var kremfjellet på denne turen. Fantastisk utsikt mot Rondane.

 Etter ei lita matpause tok vi fatt på siste etappe ned ved den flotte Jørafossen.
Vel framme ved bilane var folket varme, slitne og fornøgde etter ein lang og fin turdag.


Takk for trivlig følgje. 
Mvh Helle & Eira
Magnar og Max

Søre Geitberget. Foto: Helle Hovden
Søre Eldåkampen. Foto: Helle Hovden
Skjerellfjellet. Foto: Helle Hovden
Der vi kryssa Vulufjellsråket sto Magnar og lille Max på 12 veker og venta på dei som skulle gå 3-fjellstur. Foto: Birte Svatun
Foto: Kari
Foto: Kari
Foto Kari

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem