Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Stolpejakten sommaren 2026 – bli med ut på tur!

DNT Gudbrandsdalen er glade for nok ein sommar å kunne tilby eit variert og spennande stolpejakttilbod på Lesja, Lom og Skjåk. Med heile 6 sommerkart og 252 stolpar finst det turmål for alle – enten du føretrekk å gå til fots eller utforske på sykkel. Interessa er stor! Allereie er over 1 500 stolpejegarar i gang, og stolpane er besøkte meir enn 26 000 gonger. Har du ikkje prøvd enno? Last ned den gratis Stolpejakten-appen og bli med du òg!

Publisert: 01. juli 2026
Nyhet
Foto: DNT Gudbrandsdalen

📍 Lesja

Dagsturhytta Lesja – 50 stolpar fordelte på 8 turar frå Lora til Lesjaskog. På kvar tur kan du samle fleire stolpar undervegs.

📍 Lom

Dagsturhytta Lom/Garmo – 30 stolpar med turmål som Dagsturhytta, Høgkollen og Kleppdalen.

Lom 50 stolpar – Her finn du både krevjande toppar og lettare nærturar. Læshøe, Tronoberget og Storstein byr på motbakkar og flott utsikt, medan Presthaugen, sentrum og Skimhytta passar godt for dei som ønskjer ein rolegare tur.

📍 Skjåk

Skjåk sykkelkart – 57 stolpar langs varierte ruter, hovudsakleg på grusvegar. Utforsk område som Lundadalen, Tundradalen, Sota og Grotli – eller ta utfordringa opp mot Aursjøen før terrenget flatar ut.

Skjåk 49 stolpar – Stolpar som kan nåast til fots frå mellom anna Bismo, Dønfoss, Reppen og Nysetra. Her finn du mange fine turmål, som Dagsturhytta, Bispberget, Aursjøen og Aura.

Dagsturhytta Skjåk – 16 stolpar knytte til den populære Bismorunda.

🌿 Enten du er ute etter ein kort ettermiddagstur, ein familieaktivitet eller ein lengre dagstur i fjellet, håpar vi Stolpejakten kan inspirere deg til å oppdage nye stader og nyte sommaren ute i naturen. God tur!

Utsiktspunkt foss - stolpe 42 Lesja
Foto: Odd Andre Morken
Einingstjønne - stolpe 27 Skjåk
Foto: DNT Gudbrandsdalen
Utsikt frå Bispberget - stolpe 24 Skjåk
Foto: DNT Gudbrandsdalen

 

Dagsturhytta Skjåk turlag - stolpe 32 Skjåk
Foto: DNT Gudbrandsdalen
Liavassosen - stolpe 29 Skjåk sykelkart
Foto: DNT Gudbrandsdalen
Lesja
Foto: Odd Andre Morken
Tronoberget - stolpe 37 Lom
Foto: DNT Gudbrandsdalen

 

 

 

 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem