Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Opplev Skjåk og stolpejakt frå sykkelsetet i sommar!

Frå laurdag 13. juni opnar DNT Gudbrandsdalen sykkelkartet med heile 57 stolpar i Skjåk. Her ventar mil etter mil med flotte grusvegar, lite trafikk, vakker natur og turar som passar for både familiar, mosjonistar og dei som likar ei skikkeleg utfordring. I Skjåk er det syklinga som står i fokus. Stolpane er lagde til rette slik at du kan oppleve bygda frå sykkelsetet, og vi oppmodar alle til å unngå unødvendig bilkøyring mellom turane.

Publisert: 08. juni 2026
Nyhet
Foto: Anita Haugen

πŸ—ΊοΈ Nokre av områda du kan utforske:

πŸ”Ή Lundadalen (stolpe 1–5)
Fin grusveg gjennom flott seterlandskap. Om lag 18 km tur/retur og rundt 400 høgdemeter.

πŸ”Ή Tundradalen (stolpe 6–11)
Frå Dønfoss til Tundadalssetra med utsikt mot Breheimen. Om lag 18 km tur/retur og litt over 400 høgdemeter.

πŸ”Ή Bjørnaskridu og Slirstronde (stolpe 12–21)
Variert tur med ei bratt stigning i starten, før lettsykla parti langs Heggebottvatnet og Pollvatnet. Om lag 14 km ein veg. Herfrå har du fleire moglegheiter til å sykle vidare mot Bråtååsen, Sota Sæter eller Billingen.

πŸ”Ή Bråtååsen og Raudalsdammen (stolpe 22–26)
Flott utsikt, spennande terreng og ein perfekt stad for matpause. Om lag 14 km ein veg frå Botn, med rundt 250 høgdemeter stigning. Den korte avstikkaren til Raudalsdammen er vel verd turen.

πŸ”Ή Sotvegen og Mysubytta (stolpe 27–34)
Lang og innhaldsrik tur gjennom storslått fjellandskap. Ta gjerne ein stopp på Sota Sæter for mat eller overnatting. Tur/retur frå bommen til Mysubytta er om lag 58 km.

πŸ”Ή Åslivegen, Billingen og Nysetra (stolpe 35–44)
Lettsykla grusveg gjennom vakker natur. Om lag 13 km ein veg. Det er mogleg å sykle vidare mot stolpe 45, men då må delar av strekninga gå langs riksveg 15.

πŸ”Ή Gamle Geirangervegen (stolpe 45–50)
Ei historisk sykkeloppleving med flott utsikt over Breiddalen. Om lag 13 km ein veg på grusveg, med lite stigning.

πŸ”Ή Aursjoen (stolpe 51–57)
For dei ekstra spreke! Om lag 19 km ein veg frå Bismo og heile 750 høgdemeter. Belønninga er fantastisk utsikt innover Reinheimen nasjonalpark.


πŸ™ Ei stor takk til dei frivillige som år etter år legg ned ein formidabel innsats med å setje ut og vedlikehalde stolpane. Utan frivilligheita – ingen stolpejakt. Arbeidet deira bidreg til både folkehelse, aktivitet, naturopplevingar og trivsel for store og små. Tusen takk for innsatsen! 

Dette er berre forslag til etappar. Du kan kombinere turane akkurat slik du ønskjer og skape di eiga sykkeloppleving i Skjåk.

β˜€οΈ Pakk nista, pump dekka og bli med på ein aktiv sommar i Skjåk!

Føl gjerne stolpejakten i Lom og Skjåk på facebook for meir info og fleire bilete!

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem