Vedtekter for Tysnes Turlag
Vedtekter for Tysnes Turlag
Lokallag av Bergen og Hordaland Turlag
§ 1 FØREMÅL OG ORGANISASJON
§ 1.1 Føremål
Tysnes Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag i Tysnes Turlag medlemsområde. Tysnes Turlag skal arbeide for eit enkelt, aktivt og sikkert, allsidig og naturvennleg friluftsliv, for sikring av allemannsretten og natur- og kulturbasert friluftsliv.
§ 1.2 Organisasjon
Tysnes Turlag er ein integrert del av Bergen og Hordaland Turlag. Verksemda i Tysnes Turlag skal skje i samsvar med Bergen og Hordaland Turlag sine vedtekter. Aktivitetane skal til ei kvar tid skje innan ramma av Bergen og Hordaland Turlag sine føringar, og vere i samsvar med retningslinjer/samarbeidsavtale inngått mellom partane.
Tysnes Turlag blir representert i DNT gjennom Bergen og Hordaland Turlag.
§ 1.3 Medlemskap
Medlemskap i Tysnes Turlag er ope for alle enkeltpersonar som ynskjer å bli medlem. Medlemmer av Bergen og Hordaland Turlag er alle som har betalt kontingent til DNT, inntil utmelding skjer eller medlemmet blir stroke som følgje av manglande kontingentinnbetaling.
Alle medlemmer i Bergen og Hordaland Turlag er automatisk også medlem i Tysnes Turlag dersom dei bur i Tysnes Turlag medlemsområde, og ikkje reserverer seg mot medlemskap. Medlemmer av Bergen og Hordaland Turlag som er busette utanfor medlemsområdet, kan bli medlem om dei ynskjer det.
Medlemmene har forslags- og stemmerett på årsmøtet og kan veljast til alle tillitsverv i alle ledd frå det året dei fyller 15 år.
Alle medlemmer er medlem av DNT og har medlemsrettar ved besøk på alle medlemsforeiningar sine hytter og ved deltaking på turar, kurs og andre tilbod.
Medlemskontingenten blir fastsett av Bergen og Hordaland Turlag. Medlemskontingenten blir fordelt mellom lokallag som Tysnes Turlag, Bergen og Hordaland Turlag og DNT sentralt etter ein fastsett fordelingsnøkkel.
§ 2 ÅRSMØTET
§ 2.1 Høgaste styresmakt
Årsmøtet er Tysnes Turlag sitt øverste organ.
§ 2.2 Deltaking og stemmerett
Ingen har meir enn éi stemme. Vedtak blir fatta ved fleirtal av dei avgitte stemmene. Alle medlemmer frå 15 år og eldre har stemmerett. For medlemmer som ikkje har høve til å stille på årsmøtet/ekstraordinært årsmøte, er det mogleg å gi stemmeretten til eit anna medlem som er til stades på årsmøtet. Dette gjeld for saker under punkt f) under årsmøtet sine oppgåver og på ekstraordinært årsmøte. Dette må i så fall gjerast skriftleg, og skriftleg løyve må takast med på årsmøtet. Eit medlem kan maks representere 3 andre medlemmer.
§ 2.3 Innkalling og fristar
Ordinært årsmøte blir halde innan 20. februar kvart år. Innkallinga blir offentleggjord på lokallaget si nettside med minst 2 vekers varsel. Saker som skal takast opp på årsmøtet må vere styret i hende seinast innan utgangen av desember månad. Berre saker som er nemnde i innkallinga kan behandlast på årsmøtet.
Innkallinga skal innehalde tid, stad, saksliste og andre opplysningar om møtet.
Fullstendig saksliste og andre nødvendige saksdokument med framlegg og valkomiteen si innstilling skal av styret gjerast tilgjengelege seinast 2 veker før årsmøtet blir halde.
§ 2.4 Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal behandle:
a. Val av dirigent, protokollførar og to representantar til å underteikne protokollen
b. Godkjenning av innkallinga
c. Godkjenning av sakslista.
d. Godkjenning av årsrapport
e. Revidert rekneskap
f. Andre saker i samsvar med saksdokumenta
g. Val av leiar av styret for 1 år og medlemmer til styret for 2 år
h. Val av leiar av valkomiteen for 1 år og medlemmer til valkomiteen for 3 år
i. Val av revisor for 1 år
§ 2.5 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte blir kalla inn av styret med minst 2 vekers varsel etter:
a. Vedtak av årsmøtet
b. Vedtak av styret i Tysnes Turlag eller av styret i Bergen og Hordaland Turlag
c. Krav frå minst 5%, men minimum 20, stemmeberettiga medlemmer
Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle dei sakene som er angitte i vedtaket eller kravet om innkalling av det ekstraordinære årsmøtet.
Innkallinga blir offentleggjord på lokallaget si nettside med minst 2 vekers varsel. Innkallinga skal innehalde tid, stad og saksdokument med framlegg til vedtak.
Ekstraordinært årsmøte skal behandle:
a. Val av dirigent, protokollførar og to representantar til å underteikne protokollen
b. Godkjenning av innkallinga
c. Godkjenning av sakslista
d.Sak i samsvar med saksdokument
§ 3 STYRET
§ 3.1 Styret sitt mandat og styret sine oppgåver
Tysnes Turlag blir leia av eit styre med leiar og inntil seks styremedlemmer og to varamedlemmer (fyrste og andre vara-). Styremøtet blir kalla saman av styret sin leiar. Styret er vedtaksført når minst halvparten av styret sine medlemmer er til stades. I tilfelle av stemmelikskap gjer leiaren si stemme utslaget. Styret si oppgåve er å leie Tysnes Turlag i samsvar med vedtektene og føringar frå Bergen og Hordaland Turlag.
Styret er forplikta av dei retningslinjer/samarbeidsavtale og andre vedtak styret i Bergen og Hordaland Turlag har fatta.
§ 3.2 Samansetjing og val av styret
Leiar av styret blir vald for 1 år og styremedlemmer blir valde for 2 år om gongen, slik at det alltid er eitt eller fleire styremedlemmer på val. Varamedlemmer blir valde for eitt år om gongen. Maksimal funksjonstid som høvesvis leiar eller medlem av styret er 8 samanhengande år. Ingen kan samanhengande ha slike verv meir enn 8 år. Viss eit styremedlem går ut utanom tur, blir nytt styremedlem valt i staden for vedkommande berre for den tida som står att av valperioden.
§ 3.3 Styret sitt arbeid
Styret blir kalla inn av leiaren så ofte som det er trong for, eller når minst 2 av styret sine medlemmer krev det. Styret kan fatte vedtak når eit fleirtal av medlemmene deltek. Ved stemmelikskap er leiaren si stemme avgjerande.
§ 3.4 Signatur
Tysnes Turlag forpliktar seg ved underskrift av leiar og to av styret sine andre medlemmer i fellesskap.
Se også