Utforsk Kvammafjella vinterstid
Kvam har fantastiske skimoglegheiter. Her er nokre tips til deg som vil gå på ski med utsikt til Hardangerfjorden.
Til toppen av Torefjell
Torefjell ligg høgt over Norheimsund og Øystese med fjordutsikt langs heile ruta opp og frå toppen. Turen er ein relativt trygg topptur som kan gjennomførast både på fjellski og tyngre utstyr. Ruta er ikkje merka på vinteren.
Til Byrkjefjellet frå Jonshøgdi
På Kvamskogen er turen til Byrkjefjellet ein klassiker. Turen går frå parkeringen på Jonshøgdi og ein må krysse bilvegen. Deretter følgjer ein det maskintråkkede skiløypa til ein er komen til de øvste hyttane.
Skitur til Tveitakvitingen
Topptur på ski har alltid vore populært på Kvamskogen. Området har fleire tradisjonelle område for topptur, den mest populære er til Tveitakvitingen som er ein lang dagstur med nydelig utsikt frå toppen.
Furedalen-Såta-Breiarusta-Furedalen
Ein nydelig rundtur. Du kan starte frå Furedalen Alpin. Gå til Mødalen, vidare innover Lonene og opp på toppen av Såta (også kalla «Sukkertoppen»). Herfra har du nydelig utsikt over Strandebarm og Hissfjorden. Ta deg ein appelsin. Nyt livet.
Tveitakvitingen via Holmane
Dersom du ynskjer å gå deg ein skitur til Tveitakvitingen utan å vandre i kø frå Kvamskogen er dette ruta for deg. Turen krev at ein går til fots opp over tregrensa.
Turlagshytter i Kvam
Det blir kvista til Vending til vinterferien. Kiellandbu og Breidablik blir det ikkje kvista til.