Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
På veg mot Solrenningen turisthytte over Blåfjellet og Blådalen, sommer, barn, fjellvatn

Solrenningen - ein livslang kjærleik

Sjå, sauen er raud i rompa. Er han medlem i Turlaget, han óg?

Publisert: 30. oktober 2025
Skrevet av: Knut Langeland 
Inspirasjon

Første tur til Solrenningen

Sjuåringen er på sin første tur til Solrenningen. No er vi på veg heim att, med ein ferierande saueflokk til selskap. Sekken heng lett over skuldrane, men hovudet er tungt av inntrykk. Inntrykk som skal formast og uttrykkjast og bli til minne og, ja, kanskje til kjærleik. 

Ein ting tør eg rekna som sikker: Har du vore der ein varm og vakker sommardag, vil du, kanskje utan at du veit det, for alltid ha tapt ditt hjarte til Solrenningen. 

Det tar knappe tre timar å gå frå Stølsdammen og inn til hytta Solrenningen.

Evig lengt 

Eg tapte mitt for meir enn femti år sidan. Det går ikkje ein sommar utan at eg hentar fram på netthinna varme minne - og lengtar attende. Lite kjennest meir meiningsfylt enn å gi ein ny generasjon sjansen til å dela denne lengten. 

Det er ein god lengt. Vatnet som blenkjer, elva som klukkar og brusar, gudesend frå høgdene i vest. Det fantastiske, vide og frodige dalføret. Stølshusa og stølsbøen. Utsynet mot snøfenner og ville, grå fjell. Og så turlagshytta, då, grønmåla og open, i vid forstand, halvt kamuflert av bjørkeskogen. Magisk turmål frå distanse, stundom synleg, stundom gøymd. 

Sjølv var eg kanskje 13–14 år gammal første gongen eg var i Solrenningen. Hytta er blitt ny, og skogen har vakse sidan den gongen. Ikkje minst er tilkomsten blitt enklare. No er eg 65, og eg óg kan kjenna sorg over vatn og vassdrag som har gått tapt. Men minna frå den første turen held fram med å lokka meg attende til ein plass som framleis er urørt og slik har bevart sine kvalitetar. Eg visste det ikkje den gongen, at eg var både forgapt og fortapt. At av alle forelskingar gjennom ungdom og oppvekst, skulle den til Solrenningen bli den evige, den bestandige, den som overlevde alt. Det er ingen grunn til å tru noko anna enn at det er ei ibuande, naturleg kraft som Solrenningen har, denne evna til å fanga, til å gripa, til å hugta og setja i brann. 

Nok å gjera 

For oss tilårskomne er det rikeleg nok å setja seg på trammen ein sommarmorgon og sjå korleis det storslegne landskapet fyllest med sol. Det er i seg sjølv ei oppleving. Ungane, boblande av energi, krev litt meir aktivitet, men det er nok å ta seg til i det levande, livfulle landskapet. Bading, fisking, leik av ulikt slag. Å sjå dei små springa kvinande i vasskanten på den kvite stranda, er å levandegjera mine eigne skilsetjande opplevingar frå barndommen. Godt er det å sjå i ei anna tid korleis dette ekte og direkte møtet med naturen framleis vekkjer fryd og fagnad. 

Eg veit ikkje om mor og far håpa på det same, men om så var, så lukkast dei godt. Det var i Solrenningen eg vart ein fjellmann. 

Sjå turen frå Stølsdammen til Solrenningen

 

Lettgått alternativ 

Før var det ein lang og krevjande, men svært idyllisk dagsetappe like frå Steinsland og opp. No går eit fjellvant menneske frå Stølsdammen til Solrenningen på mindre enn to timar. Vil du gjera turen lengre og luftigare, kan du ta opp dalføret frå den heimste av Steinslandsstølane og gå Blådalen til du møter den T-merka stien mellom Solrenningen og Norddalen. Eventuelt kan du gå over fjellryggen til du møter den same stien der. Frå desse høgdene er det eit mektig utsyn over heile Vøvringadalen og fjella rundt. Ruta er lettgått, også for born, men den er altså delvis umerka. 

Om du går denne eller hin vegen, skal du vera både hardhuda og hjartekald for ikkje å la deg merka av ein tur i Solrenningen. Solrenningen set spor, og sjansen er stor for at dei varer livet ut. 

Sjå turen til Solrenningen med retur over Blåfjellet

 

Her er våre turer og kurs fremover

Vis alle i DNTs aktivitetskalender
Annonse:
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget