Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
BT-hytten på Vesete, Mjølfjell

BT-hytta - Mjukt og mildt under høgfjellets musklar

BT-hytta ligg flott til ved Vesetevatnet ved Mjølfjell.

Publisert: 30. oktober 2025
Skrevet av: Knut Langeland
Inspirasjon

 – Oi, eg har fisk! 

Seksåringen med fiskestonga er litt for ung til å verdsetja utsynet til mektige fjell, men ei stong som står i spenn, er han i stand til å skatta, særleg når det er første gongen. Litt seinare har tre fine aurar sprelt seg ferdig på dørken framom tofta, men i augo til seksåringen lyser det framleis. Han, og han åleine, har forsynt familien med eit fiskemåltid, på første forsøk! Slik tennest ein lidenskap for livet ute. 

Mykje å sjå 

Det er seksåringens første tur til Vesete og BT-hytta. Han har balansert over hengebrua over Raundalselva, han har bada i ein kulp i Veseto, som brusar attmed stien, og sjølvsagt har han, både to og tre gonger, lurt på kor langt det er att. 

 Han har stolt på forsikringane frå mor og far om at no er det like før du kan sjå hytta – og båten – og stranda – og fiskeplassane. Og det godt kamuflerte naustet. Og så har han smurt seg med tolmod, eller berre blitt distrahert av noko anna. Eit vak i ei bakevje på Veseto. Ein saueflokk på veg heim att frå fjellbeite. Ein vakker stein han fann i stien. 

Kan hende har han også, i ein matpause attmed eit stryk, sansa mor og fars glede over dette høvet til å nyta vakker og urørt norsk natur. Ei helg i dei mektige fjella her i grenselandet mellom Voss og Ulvik, der gras- og lyngkledde dalføre alltid berre er ein overgang mellom gåvmild skog og velstelt kulturlandskap på den eine sida og nådelaust høgfjell på den andre. 

Fiskelukke på BT-hytta.

Hint av haust 

For når sommaren har vore varm, flugene har surra og myggen har bite lenge nok, er det alltid godt å koma seg til fjells. Kjenna det første draget av kald haustluft mot kjakane. Sjå graset gråna og lauvet gulna, medan sommarens restvarme framleis kan nytast, om og når solstrålane bryt gjennom. 

Lett tilgjengeleg ligg BT-hytta og inviterer deg inn i dette fargesprakande fyrverkeriet i gult, raudt, grønt, grått og purpur. Midt i eit landskap som på ei og same tid er både frodig og goldt, både grøderikt og snautt. I overgangen mellom sommar og haust er fargespelet på sitt fagraste. 

Lettvint kjem du deg til Mjølfjell, gjerne med tog til stasjonen. Litt meir innsats må du leggja ned for å koma deg vidare til BT-hytta, men ikkje meir enn at fotturen lett kan gjennomførast også av familiens yngste. For ein vaksen snakkar vi om ei gangtid på rundt to timar. Stien som tek deg dit, er T-merka og held fram i søraustleg retning mot Ulvik. 

Sjå turen frå Mjølfjell til BT-hytta

Gåve frå Bergens Tidende

BT-hytta er ein gammal støl som Bergens Tidende i si tid kjøpte og brukte som velferdstiltak for sine tilsette. Men bruken svarte ikkje over tid til investeringane i drift og vedlikehald, og i 2017, i samband med avisa sitt 150-årsjubileum, vart hytta, med ei tilhøyrande omfangsrik utmark, gitt i gåve til Bergen og Hordaland Turlag. 

BT-hytta ligg vakkert til på solsida av Vesetvatnet. Dalføret er tiltalande mildt og mjukt, sjølv her, drygt 850 meter over havet, med vatnet som glitrande midtpunkt. Men over på tre kantar kneisar snaufjellet og lokkar med si makt og sine musklar. Til meir enn 1600 meter strekkjer toppane seg, somme av dei med evig snø på. BT-hytta er såleis eit framifrå utgangspunkt for toppturar til dei kringliggjande høgdene. 

Eit høve til å kjenna seg liten 

Vesete og BT-hytta er ein plass for eit mangfald av aktivitetar for både store og små, men det er også ein plass for total avkopling. Fjernt frå lyd og lys og andre sivilisasjonsinnretningar vi trur at vi ikkje greier oss utan. På Vesete kan du fri deg frå tv og internett og berre nyta stjernehimmelen ei kald natt. Og kjenna deg akkurat så liten og avmektig i verda som eit menneske stundom treng å kjenna seg. 

Her er våre turer og kurs fremover

Vis alle i DNTs aktivitetskalender
Annonse:
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget