
Turar for barn | Sotra Øygarden Turlag
Barnas Turlag er ei turgruppe for barn i alderen 0–12 år. Gruppa passar for dei som vil bli med på arrangement og oppleve friluftsliv saman med andre barn. Turboklubben er ei turgruppe med faste aktivitetar.
Barnas Turlag
Barnas turlag arrangerer mellom anna Kom Deg ut-dagen kvar vinter og haust. Dette er eit flott arrangement som er ope for alle. Det er ein fin måte å verte kjend med Barnas Turlag. Maskoten til Barnas turlag heiter Turbo, og han dukkar alltid opp på Kom Deg Ut-dagen.
Me arrangerer mindre arrangement ellers i året også. Sjå vår aktivitetsliste for å finne det arrangementet som passar deg best.
Turboklubben
Turboklubben er et friluftslivstilbod for barn med faste treff i nærmiljøet. Målet med Turboklubben er å lære barn enkelt og naturvenleg friluftsliv ved å være ute saman, leike, oppleve, undre, utforske og lære om naturen. Det er eit lågterskeltilbod som gjev barna sjølvtillit og god sjølvkjensle gjennom meistring i naturen. Barna knytter nye venskap.
Me gjer merksam på at barna må ha med seg ein vaksen. Alle vaksne har ansvar for eigne barn slik at turleiarane får gjennomført planlagt aktivitet.
Pakk i sekken:
- niste og drikkeflaske /termos
- hovudlykt
- sitteunderlag
- spikkekniv (om du har)
- Lett bytetøy
Det er gratis å være med i Turboklubben, men barnet må være medlem av DNT.
I dag har me to Turboklubber i Øygarden Kommune:
Turboklubben Midtre Øygarden (følg Facebooksida HER)
Turboklubben Nordre Øygarden (følg Facebooksida HER)
Se også

