Logo
Til DNT.no forside

Historia bak Kystpasset

Det første Kystpasset kom ut i 2013. Det var stor suksess allereie det første året.

Publisert: 08. oktober 2023
Artikkel

Kystpasset er eit lågterskeltilbod som me deler ut gratis kvart år. Det er tilgjengeleg på bensinstasjonar, butikkar og bibliotek i Øygarden Kommune. Det er også mogleg å få tak i det i Tursenteret i Marken. Stadig fleire får augene opp for kor mykje flott kysten vår har å by på og Kystpasset vårt har nådd ut til fleire kommunar i heile landet.


Kystpasset vart starta av gamle Sund Turlag. Dette lokallaget vart stifta våren 2012. I dag er Sund Turlag ein del av Sotra Øygarden Turlag etter at det vart slått saman med lokallaget Fjell Turlag og gamle Sotra-Øygarden Turlag.


Fredrik Mortensen var leiar i Sund turlag og tok initiativ til å lage Kystpasset som vart lansert til påska 2013. Då heitte det “Kystpasset - Ramsalte turar i Sund”. Det første Kystpasset hadde 14 turmål. I tillegg stod det informasjon om Perler i Nordsjøløypa, DNT, geocaching og bruk av kart og kompass. Sparebanken Vest og 26 andre bedrifter var rause med sponsing, og bidrog til at Kystpasset kunne leverast ut i alle postkassar i Sund. I tillegg kunne ein få Kystpasset på Kiwi og Biblioteket på Sund senter.

Fjell Turlag, som også vart stifta i 2012, hadde fleire liknande konsept med forskjellige namn som Fjell trimmen, Fjell på langs, Ti På Topp og Kysttrimmen. Det starta med Ti På Topp og klippekort i 2012. Etterkvart kom Fjell Trimmen som opererte med sms-teneste. Kysttrimmen kom etter Fjell Trimmen og vart digital med SjekkUT-appen i  2017.

 Fjelltrimmen 2013

Sund Turlag fekk så mange gode tilbakemeldingar på Kystpasset at det inspirerte til å lage nye kvart år etter dette. Fleire turar kom inn år for år, og talet på sponsorar auka også. Etter andre året slutta turlaget å leggje Kystpasset i alle postkassar. I staden vart det distribuert på biblioteket, servicetorget, bensinstasjonar, butikkar, hotell og museum. I 2018 vart Kystpasset også tilgjengeleg digitalt via SjekkUT-appen (som no har blitt ein del av UT-appen) 

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune ynskte tidleg eit felles turhefte for dei tre gamle kommunane Sund, Fjell og Øygarden, basert på Kystpasset til Sund Kommune. Dette vart teke vidare i arbeidsgruppa for Lokaldemokrati og identitet. Sund Turlag stilte seg positiv til dette, så i 2019 kom det første Kystpasset som dekka heile den nye kommunen, eitt år før kommunesamanslåinga. Det var no heile 30 turar i Kystpasset, med 10 turar frå kvar av dei tre gamle kommunane. Dette bidrog positivt til å utvikle ei vi-kjensle og felles identitet. Kysttrimmen til Fjell turlag vart fasa ut og arbeidet med Kystpasset vart vidareutvikla. 

I 2020 gjekk interessa for Kystpasset rett til værs då det var mange som hadde behov for å kome seg ut under Koronapandemien. Det var bestilt 10.000 Kystpass og like mange klippekort. Samtlege Kystpass vart delt ut og også fleire tusen klippekort. I SjekkUT-appen vart det registrert over 20.000 innsjekkingar. 

I arbeidet med Kystpasset åra etter tok me med utbetringsforslag som me har fått frå brukarar av Kystpasset. I tett samarbeid med kartavdelinga i kommunen fekk me gode innteikningar av stiane der me fekk med tydeleg merking av parkering og kvar turkassa er. Me har fått med meir informasjon om friluftsliv som til dømes informasjon om allemannsretten og informasjon om DNT-medlemskap. 

Friluftsliv og gode fellesskapsopplevingar er med på å fremje folkehelse og trivsel. Fleire har gjeve oss tilbakakemelding om at dei kjem seg ut på fleire turar ved hjelp av Kystpasset.Turlaget er stolt av å kunne bidra til dette.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet