Me har eit stort stinettverk i Øygarden, så det er alltid mogleg å bli med på dugnad i ditt nærområde.
Publisert: 08. oktober 2023
Artikkel
Om Dugnadsgruppa
Dugnadensgruppa vert styrt etter behov. Me har ei Facebookgruppe der me oppretter arrangement etterkvart som me planlegger dugnad.
Ein treng ikkje å vere tømrar for å bli med oss på dugnad. Det er fleire oppgåver i ein dugnadsjobb. Alle som har lyst til å bidra er velkomne. Me treng hjelp til både bæring av materiale og til å skru i skruer i kloppene ute i feltet. Om du vil bidra med bollar og kaffe er det også kjærkoment. Me har alltid med nokon med erfaring som kan rettleie i dugnadsjobben.
Gå til Facebookgruppa HER om du vil bli med på dugnad med oss.