Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Mennesker samlet på fjelltopp. Sol og blå himmel

Velkomen til årsmøte i DNT Øygarden

2025 var Friluftslivets år. På vårt årsmøte tek me eit tilbakeblikk på alle dei flotte aktivitetane me hadde i løpet av året.

Publisert: 21. januar 2026
Skrevet av: Heidi Reisegg Endal
Inspirasjon

Den første delen av årsmøte vert nytta til gjennomgang av vanlege årsmøtesaker. Det er ikkje meldt inn nokre saker til styret, så det vert ordinære årsmøtesaker. 

De kan melde dykk på årsmøte her: påmelding årsmøte 2026

Ei av sakene på vårt årsmøte er vedtektsendring. På DNT sitt landsmøte i 2025 vart det vedtatt at foreininger og lokallag skal endre sine vedtekter ihht nye vedtekter som er utarbeidd av hovudstyre i DNT. Les meir om bakgrunn for vedtektsendring HER

DNT Øygarden sine nye vedtekter blir då grundigare enn det dei har vore hittil. Dette sikrar betre prosessar i styret sitt arbeid, og sikrar meir likskap mellom lokallaga. DNT Øygarden er positive til dei nye vedtektene. Forslag til nye vedtekter finn de HER

Siste årsmøtesak er val. Valnemnda har foreslått to nye styremedlem og eitt nytt varamedlem. I tillegg er det foreslått ein ny kandidat til valnemnda, slik at valnemnda blir fulltallig ihht vedtektene. Valnemnda si innstilling til styre finn de HER. 

Alle er velkomne, men me minnar om at det er berre medlemmar i DNT Øygarden som har røysterett ved vedtektsendringa og valet. 

 

Etter årsmøte blir det spennande foredrag ved marinbiolog og dykkarinstruktør Gaute W. Seljestad.

 

Vel møtt! 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget