Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Personaltur Stord, rundtur Midtfjellet og vindturbinparken.

Nei til vindkraft i verdifulle natur- og friluftsområde

Det er viktig med omstilling til eit klimavenleg og berekraftig samfunn, men å øydelegge verdfull norsk natur er ikkje vegen å gå.

Vi vil ta vare på naturen for generasjonane som kjem etter oss, slik at også dei kan få naturopplevingar for livet. Det er viktig med omstilling til eit klimavenleg og berekraftig samfunn, men å øydelegge verdfull norsk natur er ikkje vegen å gå. 

Ein må satsa langt meir på energieffektivisering og -sparing. Eksisterande vasskraftverk må rustast opp og myndigheitene si satsing på andre fornybare energiformer må trappast opp. Det må leggast mykje meir vekt på natur- og friluftslivsomsyn i sakshandsaminga når nye prosjekt skal godkjennast.

Fem utfordringar med vindkraft

Landskap: Vindkraft er svært arealkrevjande og medfører stort tap av urørt natur og viktige friluftsområde. Dette er særskild uheldig då det er under 12% villmarksprega natur igjen i Norge. Dei mest effektive turbinane er 250 meter høge og kan sjåast frå over 50 kilometers avstand. Kvar turbin krev oppstillingsplass på storleik med ei halv fotballbane og om lag 800 meter anleggsveg. Dette medfører sprenging, planering og fylling som gjer uoppretteleg skade i terrenget.

Dyreliv: Dei aller fleste vindkraftanlegga lokaliserast i naturområde med mange truga artar. Arealinngrepa på bakken fortrenger andre dyr og øydelegg beiteområda til blant anna rein. Fyllingar og skjeringar i terrenget er til hinder for ferdsel for både dyr og menneske. Rotorane er opptil 75 meter lange og dreiar med opptil 300 km/t på vingetuppen. Dette er ein stor trugsel mot fuglar. Alt i frå småfugl til ørn og hubro vert drepne av rotorane. I tillegg kan fuglane kollidere i sjølve masta.

Støy og lys: Turbinane lagar lyd opp mot 110 desibel. Mykje av støyen er lågfrekvent lyd som bærer svært langt. Dette kan vere skadeleg for både menneske og dyreliv. Grunna flysikkerheit må turbinane ha varsellys i form av høgintensitetslys om dagen og blinkande raude lys om natta. Dette kan forvirre fuglar og insekt om natta.

Økonomi: Private selskap (ofte utanlandske) kjøper opp vindkraftverka og tar ut profitten. Norske straumbrukarar har aldri fått noka oversikt over dei totale ekstrakostnadane vindkrafta medfører for dei som forbrukararar. Eventuell kompensasjon for tapt terreng i kommunane vil aldri kunne erstatte dei varige skadane i naturen.

Klima: Mange tenker at vindkraft er grøn energi som ikkje frigjev klimagassar og er eit godt alternativ til fossil energi. Men anleggsarbeidet, nedbygging av myr, og øydelegging av biologisk mangfald kan vere minst like skadeleg for naturen som klimagassar. Noreg er allereie sjølvforsynt med grøn energi frå vasskraft, og transport av vindkraftenergi til Europa vil krevje ytterlegare nedbygging av natur for å opprette nye kraftnett og fleire oversjøiske kablar. I tillegg krev den ustabile vindkrafta balanse frå vasskrafta, noko som medfører skadeleg effektkøyring i vassdraga. Vindturbinar forbrukar og store mengder sjeldne metall som vert produsert under graverande miljøforhald i Kina.

Fakta om vindkraftanlegg

  • Dei største vindturbinene er opp til 250 meter høge og kan sjåast frå minst 50 kilometers avstand.
  • Det bygges ca 800 meter anleggsvei pr. vindturbin.
  • Foran kvar turbin byggjes det ein oppstillingsplass på størrelse med ein halv fotballbane.
  • Irreversible naturinngrep med store sprengningar i terrenget.
  • Støyplage, monsterturbinene gir opp mot 110 dB.
  • Private selskaper (ofte utenlandske) tar ut profitten.
  • Digre vindkraftturbiner og veianlegg skader dyrelivet.
  • Tap av urørt natur. Det er under 12% villmarkspreget natur igjen i Norge.
  • Vindkraft er svært arealkrevjande og utgjør store industrianlegg.
  • Farlige iskast frå turbinbladene vinterstid.
  • Mange av de høge vindkraftturbinene har blinkende lys pga flysikkerhet. Dette sjåas frå veldig lang avstand.
  • Tap av verdifulle turområde.
Annonse:
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget