
Natur-turar: Turglede med kunnskap på kjøpet
Bli med oss ut på turar der turglede og naturkunnskap går hand i hand. Saman med fagfolk og erfarne turleiarar får du ikkje berre fantastiske naturopplevingar, men også ny innsikt i landskap, planter, dyr og klima. Me ønskjer å gje små drypp av kunnskap som gjer turen rikare – og som styrker omsorgen for naturen me alle er ein del av.
Natur-turar 2024–2026 er eit prosjekt i regi av Bergen og Hordaland Turlag, i samarbeid med DNT Sogn og Fjordane, Voss Utferdslag, Universitetet i Bergen, Bjerknessenteret, Villreinsenteret, Naturvernforbundet og BirdLife. Målet er å auka kunnskap, merksemd og omtanke for naturen gjennom fellesturar, kurs og vidareutvikling av «Turspor». Prosjektet legg vekt på å kombinere friluftsliv med formidling av natur- og klimakunnskap, knytt til både turar, ruter og hytter, og vil bidra til å skape rikare opplevingar og sterkare band mellom folk og natur.
Prosjektet er støtta av Vestland fylkeskommune.
Se også

