Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Tre fine hytter som passar for seniorar

Desse hyttene passar for deg som vil ha noko lett tilgjengeleg som funkar heile året. Her får du gode turopplevingar for liten innsats!

Publisert: 03. november 2026
Skrevet av: John Petter Nordbø
DNTs tilbud

Først, som sist: Ja, me veit at det er mange seniorar som er superspreke. Me har folk i turlaget som er over 70 og klatrar høge fjell over heile verda, eller 80-åringar som spring fjellmaraton. Denne artikkelen er kanskje ikkje for dei. 

Men den er kanskje for deg? 

Deg som vil ha nokre gode tips til hytter du kan ta med barnebarna på, eller berre vil få deg ein pause frå kvardagslivet. 

Her får du tre hytter på ei snor. Felles for alle er at det er enkelt å komma dit. Dette er ikkje hytter som ligg langt innpå fjellet, i staden er det plassar der det er enkelt å finna roen. Dei som er så heldige å vera pensjonistar, får gjerne turområda heilt for seg sjølv om dei drar midt i veka. 

Her får du tipsa som gir hytteturen ekstra minnerik: 

Rongevær kysthytte i Austrheim

Dronebilde av holmer og skjær med rosa himmel.
Magisk oktobermorgen på Rongevær kysthytte. Foto: André Marton Pedersen

Sjølve storstua vår ved kysten. Hytta ligg berre ein liten rotur unna nærmaste parkeringsplass. Rongevær kysthytte er ei gammal skulestove, og ligg på ei eiga øy, fint skjerma for storhavet utanfor. Her er det plass til mange, så kanskje ein stad å samla heile flokken i storfamilien? Badstova er verdt turen åleine: eit smykke av eit grindbygg med panoramautsikt over havet.

Aktivitetar her er sjølvsagt fiske, fridykking og kajakkpadling, men me vil gjerne også slå eit slag for fotturar og utflukter på dei omkringliggjande øyane: 

  • Krossøygavlen – frisk sjøsprøyt ytst i havgapet, eit område med rik kulturhistorie. 
  • Vardetangen – Norges vestlegaste fastlandspunkt. 

Eller kanskje de vil ta ferja til Fedje, landsbyen i havet? Nemnde me at det er fint å sykla rundt på øyane her ute også? 

Seniortilbodet i Bergen og Hordaland turlag

Vårt seniortilbod strekk seg frå Bergen og ut i våre 17 lokallag. Er du over 60, og vil ut på tur og treffa hyggjelege folk? Me lovar minnerike turar med flotte naturopplevingar og nye turvener.

Seniortilbodet i Bergen og Hordaland turlag
Seniortilbodet i Bergen og Hordaland turlag

Træet gård på Osterøy

Hvitt hus med grønn eng foran
Træet gård er sjølve biletet på draumen om eit roleg liv på landet i idylliske omgjevnadar. Foto: Hild Fjermestad Aase

Dra 100 år tilbake i tid til denne sjarmerande hytta. Her kan du ta med barnebarna og visa dei korleis dine eigne besteforeldre budde i si tid. Me snakkar lune tømmerveggar, vedfyring i fleire rom og stearinlys som einaste lyskjelde. Turen inn er berre ein liten kilometer på grusveg. Men, kort veg til trass: for deg som vil gå fine fotturar har Osterøy alt å by på! 

Like i nærleiken kan du utforska snaufjellet, og kanskje sjå ei fjellrype eller to på Høgafjellet eller Rispingen. 

Den historiske Stabbesteinsvegen går rett forbi hytta, og er særs tilgjengeleg for mange. Denne turen er kartlagt med tanke på universell utforming, og er fin å sykla eller trilla. 

Dei spektakulære Kossdalssvingane ligg ein køyretur unna, og er eit fint dagsturmål.

Lundastøl på Stord

Rød hytte ved fjell og skog.
Lundastøl ligg flott plassert ved foten av Stordfjella. Foto: André Marton Pedersen

Denne hytta kan du køyra til heile året. Her finn du ei raudmalt stove med 10 sengeplassar, innlagt vatn og straum: Eit perfekt utgangspunkt for framifrå turar i området, til dømes Stovegolvet. 

Like ved finn du Tysevatnet, der det er fritt fram å slengja snøret uti. Kanskje vankar det ein fin aure du kan svi i steikepanna med litt skikkeleg smør? På snørike vintrar ligg det skiløyper like ved døra, og for dagar med realt vestlandsvêr finn du praktisk nok ein gapahuk med bord og stolar eit steinkast frå hytta.  

Eit anna godt tips er å sjekka ut Eventyrskogen, eit spennande turmål for dei minste. 

Pssst... Om du ikkje skjønte det enno: Desse turane passar også for andre enn seniorar. 😉

Mann med rød jakke foran rød hytte.
Lundastøl funker for alle! Jan Leivestad fra Stord-Fitjar turlag på familiedag i 2025. Foto: Linda Fongaard
Annonse:
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget