May Karin vann TiTur-konkurransen: – Eg blei heilt sett ut
Ti utvalde turmål i godt lag. For May Karin Johannessen (66) blei TiTur 2025 ei knallbra oppleving, med ein særs uventa belønning til slutt.
Skrevet av: John Petter Nordbø
Frå mars til oktober i år var det mogleg å delta i TiTur25. Dette er ein lågterskel, årleg turkonkurranse med ti utvalde turmål i Bergen og omegn. Turane har vanskegrad frå enkel til middels.
May Karin Johannessen frå Olsvik har gått turane med ein fast gjeng frå Sats. Dei går kvar tysdag.
– Alle turane var heilt fantastiske, men den til Gullfjellstoppen var noko eige. Då var me dyktige som klarte å komma oss opp dit! Eldste var nesten 80, sier 66-åringen, som er yngst i gjengen.
Dette er lista over turar i år:
- Ulskebjørnen
- Veten i Åsane
- Gullfjellstoppen
- Skåldalsnipa
- Soleibakkane
- Veten i Fana
- Eikelifjellet
- Gullsteinen
- Ulriksvarden
- Fløyvarden
Her finn du lista over alle turmåla på Ut.no.
– Veldig stolt av gruppa!
Totalt var det 1.495 innsjekkingar på dei ti toppane i Ut-appen i konkurranseperioden. May Karin er i ein ganske eksklusiv klubb blant dei som fullførte alle turane. Det var nemleg 28 fullførande. Blant desse blei det trekt ut tre gåvekort i Tursenteret på 1.500 kroner, deriblant ei som aldri pleier å vinna.
– Eg blei heilt sett ut! seier Johannessen, som enno ikkje har landa på kva ho skal bruka gåvekortet til.
I den faste turgjengen var dei tre som gjennomførte alle dei ti turane. Andre var med på éin eller fleire.
– Kva sit du igjen med etter alle desse turane?
– Eg er veldig stolt av gruppa! Og alt me klarte å gjennomføra, seier ho.
Ho skryt av TiTur, og seier at dei neppe hadde komme seg på alle desse fine turane utan tilbodet. Turgjengen bruker også Fjelltoppjakten som inspirasjon til å finna nye turar.
Du kan framleis gå turane
Rakk du ikkje å gå TiTur i år? Fortvil ikkje, sjølv om konkurransen er over, kan du framleis gå turane. Her finn du turane frå i år, og tidlegare utgåver. Her snakkar me haugevis med fine nærturar!
Se også